An American Prayer er det niande og siste studioalbumet til The Doors. I 1978, sju år etter vokalisten Jim Morrison døydde og fem år etter resten av bandet vart oppløyst, kom Ray Manzarek, Robby Krieger og John Densmore saman att og spelte inn akkompagnementet for fleire av dikta til Morrison (opphavleg spelt inn i 1969 og 1970). Andre musikkstykke og vokal innspelt av The Doors og Morrison vart nytta på albumet, som dialogen frå Morrison-filmen HWY: An American Pastoral og klipp frå jammar.

Albumet inneheld òg ein samansett konsertversjon av «Roadhouse Blues», sett saman av opptak frå Felt Forum i New York City og Cobo Hall i Detroit, som begge vart spelte inn under Roadhouse Blues-turneen deira i 1970. Denne versjonen av songen kom òg seinare ut på samleplata In Concert.

Utgjeving og mottaking

Trass i at albumet selde til platinaplate i USA, fekk det middels kritikk og deler framleis kritikarane. Då albumet først kom ut kalla den mangeårige Doors-produsenten Paul A. Rothchild albumet «ei valdtekt av Jim Morrison.» Rothchild hevda at han hadde høyrd alle diktopptaka til Morrison frå 1969 og 1970 og insisterte på at dei tre attverande Doors-medlemmane mislukkast i å realisere kva musikk Morrison opphavleg hadde meint for dikta. Før han drog til Paris, hadde Morrison møtt komponisten Lalo Schifrin for eit mogeleg bidrag til musikken for dikta, utan at dei andre medlemmane i Doors var meint å delta. I tillegg hadde han utvikla eit konsept for eit plateomslag i januar 1971 i lag med kunstnaren T.E. Breitenbach i form av ein tredelt altartavle. John Haeny, som spelte inn diktopplesinga til Morrison i 1970 og tok vare på dei fram til An American Prayer meinte at albumet «var laga av dei som stod nærast til Jim, både personleg og kunstnarisk» og «alle hadde dei beste intensjonane. Jim hadde vore nøgd. Jim hadde ville forstått motivasjonen vår og sett pris på engasjementet vårt og den hjartelege behandlinga av verka hans.»

Innhald Dikt, tekst og historier av Jim Morrison; musikk av Ray Manzarek, Robby Krieger og John Densmore.

Medverkande Jim Morrison – Vokal (innspelt 1970)

The Doors John Densmore – trommer Robby Krieger – gitar Ray Manzarek – Klaverinstrument

Andre medverkande Arthur Barrow – synthesizerprogrammering på «The Movie» Reinol Andino – perkusjon Bob Glaub – bass på «Albinoni – Adagio» Jerry Scheff – bass

Teknisk Produsentar – John Haeny, Ray Manzarek, Robby Krieger, John Densmore, Frank Lisciandro Assisterande produsent – Paul Black Lydteknikarar – John Haeny, Paul Black, Bruce Botnick, Cheech d'Amico, Paul Ferrara, Ron Garrett, Babe Hill, James Ledner, Frank Lisciandro, Rik Pekkonen, Fritz Richmond, Dr. Thomas G. Stockham, John Weaver Assisterande lydteknikar – Paul Black Mastering – Ken Perry, Bernie Grundman Ommastering – Bruce Botnick, Paul Rothchild Kunstnarisk leiar – Ron Coro, Johnny Lee, John Van Hamersveld Illustrasjonar – Jim Morrison Fotografi – Joel Brodsky, Paul Ferrara, Art Kane, Edmund Teske, Frank Lisciandro

Salslister Album År Liste Plassering1978Pop Albums54

Singlar År Singel Liste Plassering1978«Ghost Song» Promotional SinglesPop Singles1979«Roadhouse Blues» (live)B-side: «Albinoni's Adagio in G Minor (The Severed Garden)»Pop Singles

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «An American Prayer» frå , den 20. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Doors-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Posthume album Kategori:Elektra Records-album Kategori:Rhino Records-album Kategori:Album produserte av Robby Krieger Kategori:Album produserte av Ray Manzarek Kategori:Album produserte av John Densmore Kategori:Plateomslag av John Van Hamersveld