Guatemala by (spansk Ciudad de Guatemala) er hovudstaden i Guatemala. Med eit innbyggjartal på 1,2 millionar i kjernen og om lag 2 millionar med kringliggjande område inkluderte, er han den største byen i Mellom-Amerika. Byen ligg på ei grøderik høgsletta 1490 meter over havnivået, mellom vulkanane Fuego, Agua og Pacaya.
Guatemala by vart grunnlagd i 1776 og vart den tredje hovudstaden i landet etter Ciudad Vieja og Antigua. Byen har fleire universitet - det eldste frå 1676.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Guatemala Kategori:Hovudstader i Nord-Amerika