Slaget ved Blenheim (i somme land kalla det andre slaget ved Höchstädt) vart utkjempa den 13. august 1704 og var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen. Ludvig XIV av Frankrike prøvde å slå keisar Leopold ut av krigen med å erobre Wien, hovudstaden til Habsburg og oppnå gode vilkår i ein fredsavtale. Farane til Wien var store: Styrkane til kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin i Bayern truga i vest, og den store armeen til marskalk Vendôme var ein stor trugsel med ein potensiell offensiv gjennom Brennerpasset. Wien var òg under press frå det ungarske opprøret til Rákóczi frå aust. Hertugen av Marlborough var klar over faren og valde å løyse trugselen med å marsjere styrkane sine sørover frå Bedburg og støtte keisaren i Storalliansen.

I ein kombinasjon av list og glimrande administrering - der han skjulte kvar han var på veg for både alliert og fiende, klarte Marlborough å marsjere 400 km uhindra frå Nederlanda til Donau på fem veker.Etter å ha sikra Donauwörth ved Donau prøvde Marlborough å møte armeen til kurfyrsten og Marsin før marskalk Tallard kom med forsterkingar gjennom Schwarzwald. Dei fransk-bayerske kommandantane var motvillige til å gå ut i kamp før dei meinte dei hadde nok soldatar, så hertugen starta å plyndre landsbyane i Bayern for å tvinge fram eit slag. Taktikken var mislukka, men då Tallard nådde armeen til kurfyrsten, hadde òg prins Eugene nådd fram med sine forsterkingar for dei allierte. Dei to armeane møttest omsider ved breidda av Donau i og rundt den vesle landsbyen Blindheim.

Blenheim har gått inn i historia som eit av vendepunkta i den spanske arvefølgjekrigen. Den overveldande allierte sigeren sikra tryggleiken til Wien frå den fransk-bayerske armeen, og hindra at Storalliansen kollapsa. Bayern vart slått ut av krigen og Ludvig kunne ikkje lenger håpe på ei rask løysing på krigen. Frankrike tapte over 30 000 mann, inkludert øvstkommanderande marskalk Tallard, som vart teken til fange og sendt til England. Før felttoget i 1704 var over, hadde dei allierte teken Landau og byane Trier (Trèves) og Trarbach ved Moselle som førebuing for felttoget året etter i Frankrike.

Bakgrunn I 1704 var den spanske arvefølgjekrigen inne i det fjerde året. Året før hadde vore ein suksess for Frankrike og deira allierte, særleg ved Donau, der marskalk Villars og kurfyrsten av Bayern hadde skapt ein direkte trugsel til Wien, hovudstaden til habsburgarane.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 124 Wien hadde vorte redda av splid mellom dei to kommandantane, og førte til at den dugande Villars vart erstatta av den mindre dynamiske marskalk Marsin. Likevel var trugselen i 1704 reell: Rákóczi sitt ungarske opprør var alt ein trussel mot riket i aust, og styrkane til marskalk Vendôme trua med ein invasjon frå Nord-Italia.Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 285 I hoffa i Versailles og Madrid var ein trygge på at Wien kom til å falle, ei hending som nesten garantert hadde ført til at Storalliansen hadde falle saman.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 125

For å isolere Donau slik at dei allierte ikkje kunne blande seg inn, var detventa at dei 46 000 soldatane til marskalk Villeroi ville helde 70 000 nederlandske og engelske soldatar fast kring Maastricht i Nederlanda, medan general de Coigny verna Alsace mot eit overraskingar frå andre korps. Dei einaste styrkane som var umiddelbart tilgjengeleg for forsvaret av Wien var ein styrke på 36 000 mann under prins Ludvig av Baden stasjonert ved Stollhofen-linjeneStollhofen-linjene er ei rekkje militærpostar for forsvaret av Rhindalen. Linejne låg 35 km mellom Stollhofen, ein liten landsby ved Rhinen og Schwarzwald. Barrieren vart sett opp for å stoppe franskmennene frå å marsjere ned Rhinen frå Strasbourg. for å observere marskalk Tallard i Strasbourg. Det var òg ein liten svak styrke på 10 000 mann under grev Styrum ved Ulm.

Både den austerrikske ambassadøren i London, grev Wratislaw og hertugen av Marlborough forstod følgje av situasjonen ved Donau. Nederlendarane som ønskte å verne landområda sine, var imot dristige militære operasjonar så langt sør som Donau og var motvillige til å svekke styrkane i Dei spanske Nederlanda.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 127 Marlborough, forstod at den einaste måten å ignorere ønska til nederlendarane på, var å nytte list og løyndom, og lurte både dei nederlandske allierte ved å late som om han berre flytta soldatane sine til Moselle – ein plan godkjend av styresmaktene i Haag – men så snart han var der, drog han over elva og slo seg saman med dei austerrikske styrkane i Sør-Tyskland. «Intensjonane mine», skreiv hertugen frå Haag den 29. april til Sidney Godolphin, «er å marsjere med engelskmennene til Koblenz og erklærte at eg meiner å drive felttog langs Moselle. Når eg derimot kjem fram skal eg skrive til Dei nederlandske statane at eg finn det absolutt naudsynt for å redde Riket å marsjere troppane under min kommando og møte dei som heldt til i Tyskland - for slik å raskt redusere kurfyrsten av Bayern».Falkner: Blenheim 1704, s. 18

Opptakt Marsjen mot Donau mini|Hertugen av Marlborough marsjerte frå Bedburg (nær Köln) til Donau. Den 400 km lange marsjen hindra Wien frå å falle i hendene til fienden gjennom meisterleg list, planlegging og organisering.

Marsjen til Marlborough starta den 19. mai frå Bedburg, 20 km nordvest for Köln. Armeen (samla saman av bror til hertugen, general Charles Churchill) bestod av 66 skvadronar, 31 bataljonar og 38 kanonar og bombekastarar, samt totalt 21 000 mann (16 000 frå England).Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 128. Denne styrken vart skulle foresterkast langs vegen, slik at då Marlborough nådde Donau, så ville dei vere 40 000 (47 bataljonar, 88 skvadronar). Medan Marlborough leia armeen sin, heldt General Overkirk forsvarsstillinga i Dei sameinte Nederlanda i tilfelle Villeroi sette i gang eit åtak. Hertugen hadde forsikra nederlendarane om at franskmennene skulle setje i gang eit åtak, så ville han kome attende i god tid, men Marlborough gjekk ut frå at då han marsjerte sørover, så ville den franske kommandanten trekkje etter.Falkner: Blenheim 1704, s. 19 Marlborough hadde rett i det og Villeroi skugga hertugen med 30 000 mann i 60 skvadronar og 42 bataljonar.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 129. Barnett og Coxe skriv 45 skvadronar og 36 bataljonar.

mini|venstre|Slaget ved Blenheim av Joshua Ross.

Den militære risikoen med denne handlinga var mange: Kommunikasjonslinjene til Marlborough langs Rhinen var særs utsett for franskmennene, for generalane til Ludvig kontrollerte venstresida av elva og dei sentrale og dei sentrale områda. Ein slik lang marsj ville nesten garantert medføre tap av menn og hestar på grunn utmatting og sjukdom. Marlborough var sikker på at han måtte handle raskt for å redde riket.

Medan førebuingane til dei allierte gjekk framover, strevde franskmennene med å vedlikehalde og sende forsyningar til marskalk Marsin. Marsin hadde operert i lag med kurfyrsten av Bayern mot keisar-kommandanten fyrst Ludvig av Baden, og var noko isolert frå Frankrike: dei einaste kommunikasjonslinjene hans gjekk gjennom dei berglendte fjellovergangane i Schwarzwald. Med stor dugleik klarte marskalk Tallard den 14. mai å føre 10 000 mann og store forsyningar og ammunisjon gjennom det vanskelege terrenget, og samstundes utmanøvrere baron Thüngen, keisar-generalen som prøvde å blokkere vegen.Falkner: Blenheim 1704, s. 20. Falkner skriv 8 000 Tallard reiste så attende til sin eigen styrke ved Rhinen, og kom igjen unna forsøka til Thüringen på å avskjere han. Heile operasjonen vert rekna som ei eineståande militær handling.Falkner: Blenheim 1704, s. 20, sjølv om Chandler s. 131 skriv at mange menn deserterte under reisa.

Den 26. mai nådde Marlborough Koblenz, der Moselle møter Rhinen. Om han hadde meint å angripe langs Mosell, måtte hertugen no snu vestover, men dagen etter kryssa armeen over til høgrebreidda av Rhinen (og venta på 5 000 mann frå Hannover og Preussen).Tincey: Blenheim 1704: The Duke of Marlborough's Masterpiece, s. 31 «Det vil ikkje bli noko felttog langs Moselle», skreiv Villeroi, som hadde sett opp ei forsvarsstilling ved elva, «engelskmennene har dratt inn i Tyskland»Falkner: Blenheim 1704, s. 22 Eit nytt mogeleg mål gjekk no opp for franskmennene - eit alliert innfall inn i Alsace og eit åtak på byen Strasbourg. Marlborough bygde til og med bruer over Rhinen ved Philippsburg som forsterka denne mistanken for franskmennene, og knepet fekk ikkje berre Villeroi til å dra til Tallard for å støtte han i forsvaret av Alsace, men sikre at den franske planen om marsjere til Wien vart stoppa av utryggleiken som oppstod.Barnett: Marlborough, s. 89

Villeroi skugga alle rørslene til Marlborough, var den nederlandske forventinga om eit umiddelbart fransk motåtak mot dei svekka stillingane i Nederland ei feiloppfatning.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 129 Uansett hadde Marlborough lovd å vende attende til Nederland om franskmennene gjekk til åtak der ved å transportere soldatane nedover Rhinen på prammar, 130 km per dag. Oppmuntra av denne tryggleiksjensla sende Generalstatane den danske kontingenten på sju bataljonar og 22 skvadronar som forsterking. Marlborough nådde Ladenburg, på sletta til Neckar og Rhinen, og dei stoppa der i tre dagar for å kvile kavaleriet og la kanonane og infanteriet ta dei att.Barnett: Marlborough, s. 91 Den 6. juni nådde han Wiesloch, sør for Heidelberg. Dagen etter svinga dei allierte bort frå Rhinen mot åsane i Schwabiske Jura og Donau på andre sida. Til slutt var det ikkje tvil lenger kvar Marlborough var på veg hen.

Strategi mini|Eugene av Savoie (1663–1736) av Jacob van Schuppen. Prins Eugene møter Marlborough før første gong i 1704. Det var starten på eit livslangt personleg og profesjonelt venskap..

Den 10. juni møtte hertugen for første gong presidenten i det keisarleg krigsrådet, prins Eugene, i lag med grev Wratislaw, i landsbyen Mundelsheim, halvvegs mellom Donau og Rhinen.Falkner: Blenheim 1704, s. 23 Den 13. juni hadde den keisarlege feltkommandanten prins Ludvig av Baden, slått seg saman med dei i Großheppach.Falkner: Blenheim 1704, s. 25. Eugene hadde tvil om Baden var til å stole på, for han var nær ven av kurfyrsten av Bayern. Det var mistanke om at Baden i løyndom korresponderte med den gamle venen. Dei tre generalane kommanderte ein styrke på nesten 110 000 mann. På rådet var det avgjort at Eugene skulle vende attende med 28 000 mann til Stollhofen-linjene ved Rhinen for å halde eit auge med Villeroi og Tallard, og hindre dei i å støtte den fransk-bayerske armeen ved Donau. Samstundes vart styrkane til Marlborough og Baden samla, totalt 80 000 mann for marsjen langs Donau for å finne kurfyrsten og Marsin før dei vart forsterka.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 132

Tallard og Villeroi kjende no til destinasjonen til Marlborough og møttest ved Landau i Alsace den 13. juni for å raskt lage ein handlingsplan for å redde Bayern, men det stive franske kommandosystemet var slik at alle endringar i den originale planen måtte stadfestast av Versailles.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 133 greven av Mérode-Westerloo, kommandant til dei flamske soldatane i armeen til Tallard skreiv: «ein ting er sikkert: me hala ut marsjen frå Alsace for lenge og heilt uforklarleg.» Godkjenninga frå Ludvig kom den 27. juni: Tallard skulle forsterke Marsin og kurfyrsten på Donau via Schwarzwald, med 40 bataljonar og 50 skvadronar. Villeroi suklle låse fast dei allierte som forsvarte Stollhofen-linjene, eller om dei allierte skulle flytte alle styrkane sine mot Donau, skulle han slå seg saman med marskalk Tallard og general de Coignies med 8 000 mann, som skulle verne Alsace. Den 1. juli kryssa armeen til Tallard på 35 000 mann Rhinen ved Kehl og byrja marsjen.