John Svaboe Steen () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han var far til Johannes og Frederik Steen.
Steen var fødd i Trondenes, der far hans var prest. Sjølv avla han norsk juridisk eksamen i 1822 og var dei neste fire åra fullmektig ved generalprokurørembetet. Åra 1826-30 var han inspektør ved Rikshospitalet i Christiania, deretter i tretten år sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen. Han var rådmann i Bergen 1843-52 og tollkasserar i same byen 1852-68.
Steen representerte Nordlands amt på Stortinget 1836-39. På alle tre tingsamlingane var han sekretær i Stortinget, medlem av justiskomiteen 1836 og på omframstortinget 1836-37, samt medlem av kyrkjekomiteen i 1839.
Han døydde i Kristiania i 1872.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Norske sorenskrivarar Kategori:Norske tollarar Kategori:Folk frå Harstad