Charles Town-toktet (september 1706) var eit fransk-spansk forsøk under kaptein Jacques Fefebvre på å ta hovudstaden i den engelske provinsen Carolina, Charles Town under Dronning Anne-krigen (som var den nordamerikanske delen av den spanske arvefølgjekrigen).
Det vart hovudsakleg organisert og betalt for av franskmennene og starta frå Havanna i Cuba og ekspedisjonen nådde Charles Town tidleg i september 1706 etter å ha gjort eit stopp i St. Augustine for å hente forsterkingar. Eit kort møte med ein sjørøvar gjorde at «Brilliant», eit av dei seks skipa i toktet, kom bort frå dei andre. Soldatane gjekk i land nær Charles Town og vart raskt driven bort av ein milits sendt ut av guvernør Nathaniel Johnson då meldingane kom om at flåten var på veg til området. Ein improvisert flotilje kommandert av oberst William Rhett klarte å kapre «Brillant», som nådde fram etter dei fem andre skipa alt hadde segla bort i nederlag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Charles Town expedition» frå , den 29. mai 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Slag i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Engelske slag Kategori:Franske slag Kategori:Spanske slag Kategori:Historia til Sør-Carolina Kategori:Konfliktar i 1706