Trollflaggermus (Pipistrellus nathusii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever over det meste av Europa, frå Storbritannia i vest til Kaspihavet i aust og nord til Sør-Skandinavia. I Finland vart arten for første gong registrert i 2006. I Noreg er arten kjend frå nokre funn på Vestlandet og Sørlandet. Trollflaggermusa har til og med vore observert langt til havs på Trollfeltet. Han er ein av dei flaggermusartane i Europa som trekkjer lengst, og den norske bestanden er neppe i Noreg om vinteren. Kor mange trollflaggermus som finst i Noreg, er vanskeleg å fastslå.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Glattnasefamilien Kategori:Pattedyr i Noreg