Don er ei elv nordaust i Skottland. Ho spring ut i Grampians og renn austover, gjennom Aberdeenshire, til Nordsjøen ved Aberdeen. Don renn gjennom Alford, Kemnay, Inverurie, Kintore og Dyce. Den største sideelva hennar, Ury, har samløp ved Inverurie.

Elva har ei lengd på 131 km og er den 17. lengste elva i Storbritannia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «River Don, Aberdeenshire» frå , den 4. juli 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elvar i Skottland Kategori:Geografi i Aberdeenshire