Neuchâtel (tysk Neuenburg) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Neuchâtel ved Neuchâtelsjøen. Byen har innbyggjarar () og eit areal på . Byen ligg 430 meter over havet. Det store fleirtalet i byen har fransk morsmål.
Byen Neuchâtel ligg ved nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen ved utløpet til elva Seyon, nokre kilometer aust for Peseux og vest for Saint-Blaise. Namnet Neuchâtel tyder «Nyslott» på norsk.
Neuchâtel universitet er frå 1909, og i tillegg er her handelshøgskule og andre høgskular. Byen har fleire museum og vitskaplege samlingar. Centre Dürrenmatt, som vart innvigd i 2000, presenterer Friedrich Dürrenmatt som forfattar, målar og teiknar. Notre Dame-kyrkja i byen er frå 1100–1200-talet. Neuchâtel slott var bustaden for tidlegare grevar og fyrstar av Neuchâtel. Dei eldste delane er frå 1100-talet og slottet husar no kantonadministrasjonen.
Byen vart grunnlagd på 1000-talet og fekk byrettar i 1214.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Neuchâtel» frå , den 12. august 2011. Neuchâtel – by. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Neuch%C3%A2tel/by
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Byar i Sveits Kategori:Kommunar i Neuchâtel Kategori:Stader ved Neuchâtelsjøen Kategori:Busetnader grunnlagde på 1000-talet