Marokko debuterte i Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland med songen «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd. Landet har berre delteke ei gong. Bidraget vart valt av SNRT.
Deltaking Marokko er det fyrste, og førebels einaste, afrikanske og arabiske landet som har delteke i Eurovision Song Contest. Det var òg fyrste gongen eit av bidraga var sunge på arabisk.
Songen, «Bitakat Hob», fekk berre sju poeng i tevlinga, alle frå Italia, og enda på 18. plass.
På grunn av den dårlege plasseringa i 1980 trekte Marokko seg frå tevlinga og har aldri delteke sidan.
Framtidig deltaking Den marokkanske kringkastaren 2M TV har uttrykkja sin intensjon om å verte medlem i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). 2M TV vil gje det marokkanske folk ein sjanse til å delta i Eurovision Song Contest. Kringkastaren har berre høve til å delta om dei vert medlem i EBU.
Bidraga i Eurovision Song Contest År Artist Song Språk Finalen Semifinalen- Poeng Plass Poeng Plass 1980 Samira Bensaïd «Bitakat Hob» Arabisk 007 18
Røystegjeving Finale
+ Marokko har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 012 02 010 03 008 04 007 05 006
+ Marokko har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 007
Kjelder Den offisielle nettsida til Eurovision Song Contest Marokko i Eurovision Song Contest
Denne artikkelen bygger på «Morocco in the Eurovision Song Contest» frå , den 16. august 2011.
Fotnotar
Kategori:Marokko i Eurovision Song Contest Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Musikktevlingar