thumb|right|Fiat Grande Punto - Auto Moto Show Katowice 2006. Fiat er eit merkenamn som høyrer til bilprodusenten Fabbrica Italiana Automobili Torino basert i Torino i Italia. Namnet er eit akronym laga av det italienske namnet: Fabbrica Italiana Automobili Torino. Det stavar også det latinske ordet fiat som tyder 'lat det bli', eit uttrykk for håp og styrke som i fiat lux, 'lat det bli lys'. Verksemda vart starta av Giovanni Agnelli i 1899. Ho omsette for 35,88 milliardar euro i 2010.
Frå slutten av 1960-åra har Fiat kjøpt eller vunne kontroll over ei rekke selskap, mellom anna: Bilprodusentar: Ferrari, Lancia, Alfa Romeo og Maserati. Nyttekjøretøy: OM og Iveco. Landbruksmaskiner: New Holland og det canadiske merket Flexy-Coils. Anleggsmaskiner: produsert av Fiat-Hitachi Construction og New Holland Construction. Bussar: Fiat, Iveco og Irisbus. Flyindustri: fly og relaterte komponentar vert produsert av FiatAvio, som også kontrollerer EVL, som driv med romindustri. Militære køyretøy. Komponentar: den største, italienske komponentprodusenten, Magneti-Marelli er eigd av Fiat og i sin tur eig denne verksemda merke som Carello, Automotive Lighting, Siem, Cofap, Jaeger, Solex, Veglia Borletti, Vitaloni, Automotive Lighting og Weber. Stålverk og metallurgi: Fiat eig Teksid. Forlag, publisering, media: Fiat-gruppa er også eigar av forlag som La Stampa, Itedi og Italiana Edizioni. Gruppen eig også fleire riks- og lokalaviser eller kontrollerer dei gjennom ulike selskap. Finansielle tenester: Eit viktig forsikringsselskap, Toro Assicurazioni, gjev Fiat ei kontrollerande marknadsposisjon. Bygg/anlegg: Ingest Facility og Fiat Engineering arbeider på ei rekke ulike sektorar, og IPI er eit formidlingsselskap som også driv med eigedomsforvaltning og drift. IT: Fiats verksemd på denne sektoren skjer gjennom ICT - Information & Communication Technology, Espin, Global Value, TeleClient, Atlanet.
Fiat eig også skianlegga i Sestrieres (denne byen i Alpene er skapt av Agnelli-familien).
Fiat-modellar right|thumb|En Fiat 500
124 508 Balilla 125 126 127 128 130 132 131 500 600 1100 1400 1300 1500 1900 2000 Albea Barchetta Bianchina Brava Bravo Cinquecento Coupé Argenta Croma Dino Doblò Duna (designet i Brasil) Grande Punto Idea Marea Multipla Palio Panda Punto Regata Ritmo/Strada Sedici Seicento Siena Stilo Tempra Tipo Topolino Ulysse Uno X1/9i 1994.
Priser Fiat har vunne prisen Årets Bil ni gongar:
1967: Fiat 124 1970: Fiat 128 1972: Fiat 127 1984: Fiat Uno 1989: Fiat Tipo 1995: Fiat Punto 1996: Fiat Brava/Bravo 2004: Fiat Panda (Nye) 2007: Fiat 500
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fiat» frå , den 17. august 2011. Denne artikkelen bygger på «Fiat Automobiles» frå , den 17. august 2011. Denne artikkelen bygger på «Fiat» frå , den 17. august 2011.
Bakgrunnsstoff Fiat - Internasjonal side Fiat - Norsk side Norsk Fiat Register Fiat Classic Club (Sverige) An extensive Fiat 124 Spider website in two languages Biltesten.no sine tester av Fiat
Kategori:Italienske bilmerke
Kategori:Italienske føretak Kategori:Torino Kategori:Skipingar i 1899 Kategori:Tidlegare traktorprodusentar