Gabriel Léon Jean Baptiste Lamé () var ein fransk matematikar og ingeniør.
Han arbeidde ei tid i russisk teneste. I 1832 vart han professor ved École polytechnique, og frå 1851 til 1862 var han professor i sannsynsrekning ved Faculté des sciences. Han deltok i bygginga av dei første franske jernbanane. Dei matematiske arbeida til Lamé omhandla først læra om algebraiske kurver, før han trekte meir mot fysiske problem som varmelære og elastisitetslæra, der han har gjeve dei viktigaste bidraga sine. Ein type funksjon som først vart nytta i eit problem i varmelæra, har namn etter Lamé. Han gjorde òg viktige arbeid med Fermat-satsen.
Kjelder
Kategori:Franske matematikarar Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Matematikarar på 1800-talet