«White Light/White Heat» er ein song av det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og tittelsporet på det andre albumet deira, som kom ut i 1968. Det er ein rask, relativt aggressiv start på albumet, liknande punkrock-sjangeren han seinare var med på å påverke.
Songen vert hovudsakleg sungen av Lou Reed, med John Cale og Sterling Morrison på korvokal. Songen, på liknande vis som «I'm Waiting for the Man», vert framført med eit hamrande rock-and-roll og kro-aktig piano. Songen omhandlar kjensla ein får ved å intravenøst ta metamfetamin og har ein kraftig forvrengd elektrisk bass i avslutninga, spelt av John Cale .
«White Light/White Heat» kom ut i 1968 som singel med «Here She Comes Now» som B-side. «White Light/White Heat» vart òg framført på dei fleste konsertane til Velvet Underground frå 1967 og framover. Reed spelte òg inn ein konsertversjon av songen i 1974, som finst på albumet Rock 'n' Roll Animal.
Medverkande Lou Reed - vokal, rytmegitar Sterling Morrison - sologitar, korvokal John Cale - bassgitar, korvokal, piano Maureen Tucker - perkusjon
David Bowie-versjonen
White Light/White Heat vart ofte spelt live av David Bowie. Ein versjon frå 1973 vart gjeven ut som singel i 1983 for å promotere konsertalbumet Ziggy Stardust: The Motion Picture.
Bowie hadde lenge vore Velvets-fan og hadde spelt «White Light/White Heat» sidan 1971. På plateomslaget til Hunky Dory er songen nemnd som inspirasjonskjelde for Bowie sin «Queen Bitch». Han vart spelt gjennom heile Ziggy Stardust-turneen, mellom anna i lag med Lou Reed den 8. juli 1972. Han vart òg spelt inn av Bowie for BBC og var tenkt som ein del av Pinups. Trass i dette var Ziggy Stardust - The Motion Picture-prosjektet første gong Bowie-versjonen av songen kom ut på plate.
Bowie var på denne tida på høgda av karrieren kommersielt sett med Let's Dance, og «White Light/White Heat» vart rekna som eit uvanleg val for singel, og nådde berre 46. plass i Storbritannia. Songen vart spelt på fleire turnear sidan.
Medverkande David Bowie: Vokal, gitar Mick Ronson: Gitar Trevor Bolder: Bass Mick Woodmansey: Trommer Mike Garson: Tangentinstrument
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «White Light/White Heat (song)» frå , den 21. september 2011. oppgav desse kjeldene: Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:The Velvet Underground-songar Kategori:Eksperimentelle rockesongar Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:David Bowie-songar Kategori:Lou Reed-songar Kategori:Songar om narkotika Kategori:Television Personalities-songar Kategori:The Mike Flowers Pops-songar Kategori:Songar skrivne av Lou Reed Kategori:Songar produserte av Tom Wilson