Black Tie White Noise er det 18. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i 1993 og var det første soloalbumet hans i 1990-åra og det første soloalbumet på nesten seks år, etter at han i mellomtida hadde brukt tida si i hardrockbandet Tin Machine, og skrinlagd alle dei gamle hittane sine på Sound+Vision-turneen, og gifta seg med supermodellen Iman. Dette albumet var eit forsøk på å lage «ein slags ny melodisk form for house-musikk». Han fekk med seg den gamle gitaristen frå Ziggy Stardust-tida, Mick Ronson, som døydde av kreft 24 dagar etter albumet kom ut. Albumet var inspirert av bryllaupet til Bowie og inneheld songar som «The Wedding» og ein reprise på slutten av albumet som ein song skriven i høve hendinga.
Albumet vert ofte rekna som starten på ein kunstnarisk renessanse for Bowie, etter at den kreative entusiasmen og karrieren hadde slite i midten og seint i 1980-åra etter ei rekkje dårleg motteke prosjekt.
Albumet debuterte på toppen av UK Albums Chart, som var den siste førsteplassen hans i Storbritannia fram til The Next Day (2013).
Utvikling Bowie tok kontakt att med Nile Rodgers i New York etter ein konsert i 1991 med bandet sitt Tin Machine. Bowie hadde arbeidd med Rodgers tidlegare på Let's Dance i 1983. Bowie påpeikte at han og Rodgers ikkje skulle gjenta prosjektet dei hadde arbeidd på før. «Om Nile og eg ønskte å gjere Let's Dance II, hadde me gjort det for fleire år sidan, når kanskje det hadde gjeve meir meining. Når me no arbeidar i lag prøver me alt for å unngå og falle i den fella.» Rodgers var samd og sa «Halve moroa med å arbeide med David er at du aldri veit kva i helvete han kjem til å kome opp med.» Bowie sa om samarbeidet deira: «Me sakna begge i røynda det same elementet, med det som skjedde med den nye R&B-musikken, som no er hip-hop og house, og det me sakna var eit sterkt melodisk innhald som var tydleg i 1960-åra. Eg ønskte å sjå om me kunne etablere ein slags ny form for melodisk house.»
Rodgers skildra haldninga til Bowie under innspelinga av dette albumet som «langt meir avslappa enn han var under innspelinga av Let's Dance, mykje meir filosofisk og berre i ein sinnstilstand der musikken hans verkeleg, verkeleg gjorde han lykkeleg.» Rodgers sa at albumet tok «kring eitt år» å spele inn, som var ei lang tid samanlikna med dei tre vekene dei brukte på Let's Dance.
Bowie spelte mykje saksofon på albumet, som Rodgers syntest var utfordrande. Han sa: «Eg trur David ville vera den første til å innrømma at han ikkje er saksofonist i tradisjonell forstand. Eg meiner, du ville ikkje ringa han for ein spelejobb. Han bruker spelinga si som eit kunstnarisk verktøy. Han er ein malar. Han høyrer ein idé, og han følgjer denne. Men han veit absolutt der han skal, for han speler fader meg det same igjen og igjen til eg seier: 'Vel, eg trur han høyrer det.' Det er det du kan kalla eit bevisst uhell.»
Om innspelinga av albumet sa Bowie: «Eg trur dette albumet kjem frå ein heilt annan emosjonell stad [enn tidlegare album]. Det er tida som har ført med seg modenheit og ein vilje til å gi avkall på full kontroll over kjenslene mine, la dei gå litt, byrja å forhalde seg til andre menneske, noko som sakte har skjedd med meg - og herregud, det har vore oppoverbakke - dei siste ti eller tolv åra. Eg føler meg mykje friare i dag for å kunna snakka om meg sjølv og om det som har skjedd med meg, fordi eg har klart å møta det. I mange år var alt alltid blokkert. Dagen før var alltid blokkert. Eg ønskte aldri å gå tilbake for å undersøka noko særskild eg gjorde. Men innsatsen har endra seg. Eg føler meg levande, eigentleg.»
Om albumtittelen sa Bowie: «Kvit støy, «white noise», i seg sjølv er noko eg først møtte på synthesizeren for mange år sidan. Det er svart støy og kvit støy. Eg trudde at mykje av det som er sagt og gjort av dei kvite er kvit støy. 'Black ties', «svarte band», er fordi, for meg, musikalsk sett, var det einaste som verkeleg tente meg på å ville vera musikar, og ville skriva svart musikk, amerikansk svart musikk - Little Richard og John Coltrane på 50-talet. Den første artisten eg verkeleg grov ut var Little Richard då eg var omtrent åtte år gammal. Eg syntest det heile var veldig spennande - kjensla av aggresjon som kom gjennom arrangementa. Det var som å bryta opp himmelen - den vanlege stemma hans. Det var det som utløyste interessa mi for amerikansk svart musikk. Det førte meg til bluesen, John Lee Hooker og alle karane, og i ei årrekke jobba eg med rhythm and blues-band, og der danna mine eigne svarte band innan dette musikkområdet.»
Songutvikling Bowie og Iman var nygifte og hadde kome til Los Angeles for å finne ein heim i lag den dagen Rodney King-dommen vart lesen, som vart etterfølgd av eit opprør i Los Angeles. Dette inspirerte Bowie til å skrive songen «Black Tie White Noise», som han spelte inn med ein tøff, kvass kvalitet slik at han ikkje enda opp som «ein 'Ebony and Ivory' for 90-åra.» Songaren Al B. Sure! samarbeidde med Bowie på denne songen. Om det å lande i Los Angeles under opprøra sa Bowie: «Det var fantastisk og bedøvande, og det var den mest apokalyptiske opplevinga eg har vore gjennom i livet mitt. Det var ei kjensle av dei uforsonlige skilnadane som ser ut til å ha vorte framstilt i Amerika, og kor vanskeleg det vil vera å sameina desse skilnadane, å lækje såret, som er ganske gapande.»
Songen «Jump They Say» er ein laust sjølvbiografisk song om stebroren til Bowie, Terry, som tok sjølvmord etter å ha vore innlagd for schizofreni i 1980-åra. Bowie sa: «Det er første gongen eg har følt meg i stand til å takle det, og som alltid, når eg tar det første skrittet mot ein situasjon, tar eg tak i det når det gjeld illusjonistiske bilete.»
Bowie og Gabrels hadde tidlegare skrive songen «You've Been Around» i lag då dei var i Tin Machine, men dei var ikkje nøgde med songen, så Bowie omarbeidde han for dette albumet. «Det eg liker med songen er det faktum at det for første halvdel av songen ikkje er nokon harmonisk referanse. Det er berre trommer og vokalen som kjem inn frå ingenstad, og du er ikkje sikker på om det er ei melodilinje eller ein drone eller noko slikt, og det er ei verkeleg illevarslande kjensle i han som eg liker godt. Men ein av dei mest tilfredsstillande tinga ved å laga akkurat denne songen var å jobbe med Reeves, fordi eg hadde sjansen, fordi det var mitt album, ikkje Tin Machine sitt, å blande Reeves sin måte inn i bakgrunnen, så eg visste at det utvilsamt verkeleg ville irritera han, noko det faktisk gjorde.» Bowie sette òg pris på seksualiteten i songen og sa «Det er teksturen til ein song, for meg, som nesten kjem over det lyriske innhaldet. Seksualiteten er i rytmen, og som ein veldig seksuell person, er det veldig viktig for meg at det rører meg.»«Black Tie White Noise Video EP» by David Bowie, 1993
Bowie hadde teke kontakt med Mick Ronson att, dels fordi Ronson hadde spelt på det nyaste albumet til Morrissey, Your Arsenal, som Bowie var imponert nok over til at han faktisk spelte inn ein «totalt overdriven» cover av den Bowie-aktige songen «I Know It's Gonna Happen Someday» frå dette albumet. «Det er meg som syng Morrissey som syng meg,» sa Bowie.
Bowie spelte òg inn songen «Bring Me the Disco King», som Bowie skildra som «ein deprimerande song som oppsummerer dei triste seine 70-åra med eit Philip Glass-refreng som går gjennom han.» Denne songen kom ikkje ut på albumet, men vart henta fram frå kvelvet til Bowie då han gav ut Reality i 2003.
Bowie hadde personlege årsaker til å spele inn ein ny versjon av Cream-songen «I Feel Free», som Rolling Stone seinare kalla ein «vill, meir funky cover av ein velkjend 60-tals radioklassikar»: «Ein av gangane eg faktisk gjekk ut med broren min, tok eg han med på ein Cream-konsert i Bromley, og omtrent halvvegs gjennom - og eg vil tru at det var under «I Feel Free» - byrja han å føle seg veldig, veldig dårleg... Han pleidde å sjå syner. Og eg hugsar at eg måtte ta han ut av klubben fordi det verkeleg byrja å påverka han - han svaia ... Han hadde aldri høyrt noko så høgt; han var ti år eldre enn meg, og han hadde aldri vore på ein rockeklubb, fordi jazz var greia hans då han var ung. ... Uansett, me kom ut på gata, og han kollapsa på bakken og sa at bakken opna seg og det var eld og ting som strøymde ut av fortauet, og eg kunne nesten sjå det for han, fordi han forklarte det så artikulert. Så dei to songane [«I Feel Free» og «Jump They Say»] ligg nær kvarandre på albumet av veldig personlege årsaker.»
Bowie, som hadde skrive fem musikkstykke for bryllaupsseremonien til Iman, tok to av dei med på albumet: «Pallas Athena» og «The Wedding Song / The Wedding». Det var då han skreiv desse songane at Bowie vart trigga til å lage albumet. Han sa: «Å skriva [musikken til bryllaupet] fekk meg til å tenka på kva forplikting betyr, og kvifor eg skulle gifta meg i denne alderen, og kva intensjonane mine var og var dei ærverdige? [ler] Og kva eg eigentleg ønskte frå livet mitt frå no av. Eg antar at det fungerte som eit vasskilje å skriva mange ganske personlege ting, og setja saman ei samling med songar som illustrerte kva eg hadde gjennomgått dei siste tre eller fire åra.»
Plateomslag Nick Knight, fotografen for plateomslaget, hadde opphavleg ein annan plan for omslaget: Han ønskte å bruke eit enkelt portrett av andletet til Bowie, men spegla langs midten, slik at det var dei to høgresidene som var framsida, og dei to venstresidene som var baksida. Resultatet ville blitt «ein smule rart, forstyrrande syn som gjev sjåaren ei kjensle at det er eitt eller anna som ikkje stemmer.» Dette konseptet vart skrinlagd, og eit anna bilete frå den same bilettakinga vart nytta i staden.
Utgjeving og mottaking
I intervju gjeve før utgjevinga av albumet, var Bowie særskild tilbakehalden, og nekta å røpe verken namnet på albumet eller spora han spelte inn. Bowie følte seg bra med plata og sa: «Eg er så stolt av denne plata. Med fare for å blåse mitt eige horn, trur eg ikkje eg har nådd denne toppen før som utøvar og låtskrivar.»
Albumet fekk stort sett positiv kritikk då det kom ut, og ein kritikar kalla albumet «utan tvil hans beste sidan Scary Monsters». Rolling Stone kalla albumet «eit av dei smartaste platene i ein særs smart karriere» og kalla den positive omtalen frå kritikarar og fansen «eit av dei største Houdini-aktige triksa i rock and roll-historia.» Ei melding frå 2011 av albumet av BBC roste produksjonskvaliteten og «den enorme sjølvtilliten» til Bowie for eit album som var betre enn dei seinare føregangarane. Entertainment Weekly meinte albumet var stort sett «sløvt» og «trøytt» med tok unntak: den «draumande» «Miracle Goodnight» og den «vittige» «I Know It's Gonna Happen Someday». Robert Christgau skreiv i The Village Voice at musikken var Bowie på sitt «mest fengslande» på grunn av danserytmane og dei elektroniske teksturane, men reagerte negativt mot tekstane til Bowie, t.d. om raseforholda på tittelsporet.
Albumet gjekk inn på førsteplassen på UK Albums Chart, marknadsført av singlane «Jump They Say» og «Miracle Goodnight». Men fram til nyutgjevingane seinare i 1990-åra, var albumet usedvanleg vanskeleg å få tak i etter at det nye Savage Records, som gav ut albumet, brått gjekk konkurs.
Bowie turnerte ikkje etter albumet og sa «Du verden, nei. Eg har lyst å turnere, men det tar så mykje tid. Eg trur eg har tapt nok av livet mitt på å gjere det.» Bowie turnerte igjen i 1995 med Outside-turneen.
Etter utgjevinga Eter den dårlege mottakinga av albuma Tonight (1984) og Never Let Me Down (1987), i tillegg til Glass Spider-turneen (1987), var statusen til Bowie hos kritikarane på det lågaste i karrieren hans. Dette albumet, i lag med Sound+Vision-turneen (1990) og bandet Tin Machine (1989–1992), gjorde at vinden snudde og kritikaren såg på Bowie i eit betre lys, og BBC-kalla albumet ein «perfekt» måte å byrje «det neste stadiet» i karrieren til Bowie.<ref name=BBC11