«Little Wonder» er ein song og singel av David Bowie frå 1997 på albumet Earthling. Det var den største hitten frå albumet og nådde 14. plassen på singellista i Storbritannia. Under Brit Awards i 1998 vart songen nominert for beste britiske video.

Bakgrunn Bowie brukte namna på alle dei sju dvergane i teksten. Den sampla, talte linja «If it's good to ya, it's gotta be good for ya» under instrumentalen kjem frå den talte introen til eit konsertopptak av Steely Dan-songen kalla «Bodhisattva» frå plateboksen Citizen Steely Dan. James E. Perone gav to ulike tolkingar av teksten, og skreiv at songen kan rett og slett representere somme karakteristikkar av personlegdomen til Bowie, eller eit romvesen som observerer ulike sider ved livet på jorda.James E. Perone, The Words and Music of David Bowie, Greenwood Publishing Group, 30. juni 2007, s. 119. Tromme-breaket er sampla frå The Winstons-instrumentalen «Amen, Brother», ein populær trommesolo som ofte er blitt sampla og er omtalt som «Amen break». Akkordprogresjonen er liknande den tidlegare Bowie-songen «Can't Help Thinking About Me.»

Tittel Miks og ekstra produksjon Lengd Ekstra Albumversjon Mark Plati 6:02 Edit Mark Plati 3:40 Sensurert videoversjon Mark Plati 4:09 utgjeve på 2004 Earthling 2 CD. Ambient Junior Mix Junior Vasquez 9:55 Programmert av Frederick Jorio. Club Dub Junior Mix Junior Vasquez 8:10 Programmert av Frederick Jorio. 4/4 Junior Mix Junior Vasquez 8:10 Programmert av Frederick Jorio. Juniors Club Instrumental Junior Vasquez 8:14 Programmert av Frederick Jorio. Danny Saber Mix Danny Saber 3:06 Cello av David Coleman, sonisk hår og sminke av John X. Danny Saber Dance Mix Danny Saber 5:30 Cello av David Coleman, sonisk hår og sminke av John X.

Innhald

Britisk CD-versjon ein «Little Wonder (edit)» – 3:40 «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55 «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10 «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10 «Little Wonder (Juniors Club Instrumental)» – 8:14

Britisk CD-versjon to (avgrensa utgåve) «Little Wonder (edit)» – 3:40 «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58 «Jump They Say (Leftfield 12» Vocal Mix)" – 7:40 «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06

Amerikansk CD-versjon «Little Wonder (albumversjon)» – 6:02 «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55 «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10 «Little Wonder (Danny Saber Dance Mix)» – 5:30

Europeisk CD-versjon ein «Little Wonder (albumversjon)» – 6:02 «Little Wonder (Ambient Junior Mix)» – 9:55 «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06 «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10 «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10

Europeisk CD-versjon to «Little Wonder (edit)» – 3:40 «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10 «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Europeisk CD-versjon tre «Little Wonder (edit)» – 3:40 «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Japansk CD-versjon «Little Wonder (edit)» – 3:40 «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10 «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 3:06 «Little Wonder (Club Dub Junior Mix)» – 8:10 «Little Wonder (4/4 Junior Mix)» – 8:10

Britisk 12"-versjonen «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10 «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 5:30 «Telling Lies (Adam F Mix)» – 3:58

Europeisk 12"-versjonen «Little Wonder (Junior Club Mix)» – 8:10 «Little Wonder (Danny Saber Mix)» – 5:30

Det vart òg gjeve ut tre promosinglar på CD.

Medverkande Produsent David Bowie Mark Plati – Reeves Gabrels –

Musikarar David Bowie – vokal, samplingar, gitar, klaverinstrument Reeves Gabrels – programmering, verkeleg og sampla gitarar, vokal Mark Plati – trommesløyfer, elektronisk perkusjon, programmering, sløyfer, samplingar Gail Ann Dorsey – bass Zachary AlfordDiscogs - Zachary Alford - (profile & discography) – trommer Mike Garson – klaverinstrument, piano

Konsertopptak Bowie framførte «Little Wonder» som opningssongen på konserten i høve 50-årsdagen hans i New York City den 9. januar 1997. Dette opptaket kom ut på Earthling in the City CD. Bowie spelte songen (i lag med «Scary Monsters (and Super Creeps)») den 8. februar 1997 på Saturday Night Live.SNL Transcripts: 8. februar 1997. Neve Campbell, Host http://snltranscripts.jt.org/96/96l.phtml Bowie spelte songen på GQ Awards i New York City den 15. oktober 1997. Denne utgåva kom sidan ut på konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000. Bowie spelte songen 25. juni 2000 på Glastonburyfestivalen som i 2018 kom ut på Glastonbury 2000. Eit konsertopptak frå BBC Radio Theatre i London den 27. juni 2000 kom ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.

Andre versjonar Haitian Hate Gods – .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006) Idiots Loop - Cover Ups (2019)

Andre utgjevingar «Danny Saber remix» kom ut på filmmusikken til den europeiske utgåva av The Saint og på det andre filmmusikkalbumet til Hackers. Denne remiksen finst òg på bonusplata på fire spor som følgde konsertalbumet LiveAndWell.com i 2000. Ei videoutgåve kom ut på ein Jukebox 7"-utgåve av singelen «Dead Man Walking» i 1997. Tre remiksar, «Censored Video Edit», «Junior Vasquez Club Mix» og «Danny Saber Dance Mix», kom ut på bonusplata til Digibook Expanded Edition av Earthling i 2004. Singelversjonen kom ut på samlealbumet: somme utgåver av Best of Bowie (2002), den doble og tredoble utgåva av Nothing Has Changed (2014), og den doble utgåva av Bowie Legacy (2016).

Salslister ListePlasseringAustralsk singelliste94Belgia (Ultratip Flandern)19Canadian Singles Chart59 Finland (Suomen virallinen lista) 10Nederland Singles Chart50UK Singles Chart14

Musikkvidoe Musikkvideoen til «Little Wonder» var regissert av Floria Sigismondi ein italiensk-kanadisk fotograf og regissør. Han er sett til ei dystopisk verd med mutantar, og syner raske klipp av Bowie som ein aldrande Ziggy Stardust og Halloween Jack som vandrar i gatene og undergrunnen i New York. Videoen inneheld videoskulpturar av kunstaren Tony Oursler. Bowie sa om arbeidet til Sigismondi: «Eg syntest ho har eit flott blikk, flotte teksturar og glimrande klipp.» Videoen er i den permanente utstillinga til Museum of Modern Art i New York.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Little Wonder» frå , den 18. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:David Bowie-songar

Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Musikkvideoar regisserte av Floria Sigismondi Kategori:Songar skrivne av David Bowie Kategori:Songar skrivne av Reeves Gabrels Kategori:Songar produserte av David Bowie Kategori:Jungle-songar Kategori:Songar frå 1997