VH1 Storytellers er eit konsertalbum av David Bowie. Det kom ut 6. juli 2009 og inneheld eit opptak gjort 23. august 1999 for Storytellers, eit program som gjekk på VH1.
Bakgrunn og innspeling VH1 Storytellers er den siste konserten samarbeidspartnaren og gitaristen Reeves Gabrels spelte med Bowie. Dei møtte kvarandre i 1987 og hadde arbeidd i lag sidan den gongen, inkludert i bandet Tin Machine. Gabrels slutta i bandet fire dagar etter showet vart spelt inn og Bowie måtte kaste seg rundt for å finne ein sologitarist for den komande Hours-turneen.
Utgjeving Utgjevinga inneheld ein lyd-CD og ein DVD av showet, der DVD-en inneheld fire bonusspor som ikkje er med på CD-plata. Setlista bestod av songar frå heile karrieren til Bowie fram til då, frå 1960-åra og fram til Hours (1999) som då showet vart spelt inn ikkje var komen ut enno. VH1 Storytellers kom ut på vinyl 11. oktober 2019. Denne doble vinylplata inkluderte dei fire bonusspora.
Innhald Alle songane skrivne av David Bowie utanom der andre er nemnde.
Medverkande David Bowie: vokal, gitar Reeves Gabrels: gitar Mark Plati: gitar Gail Ann Dorsey: bassgitar, vokal Mike Garson: piano, klaverinstrument Sterling Campbell: trommer, perkusjon Holly Palmer and Lani Groves: korvokal Remiksing: Mark Plati Lydmiks: Thom Cadley
Salslister Liste (2009)PlasseringUK Albums Chart114
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «VH1 Storytellers (David Bowie album)» frå , den 19. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 2009 Kategori:EMI Records-album Kategori:Konsertfilmar Kategori:VH1 Storytellers