Street Hassle er det åttande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1978 på Arista Records. Richard Robinson og Reed produserte albumet. Det er det første kommersielt utgjevne popalbumet som nytta binaural innspelingsteknologi.Billboard Magazine article: "Arista has 1st Stereo/Binaural Disk. Street Hassle består av både konsertopptak (med ekstraspor lagt oppå i studio) og studioopptak.
Produksjon Ale songane på Street Hassle vart skrivne av Reed, inkludert «Real Good Time Together», eit spor datert attende til dagane hans som medlem av The Velvet Underground. Reed byrja på innspelinga av eit konsertalbum i München og Ludwigshafen i Vest-Tyskland. I motsetnad til dei fleste konsertalbum er publikum fullstendig fjerna frå lydmiksen. Då han kom attende til USA i august 1977 sa Arista Records at dei ikkje ønskte eit konsertalbum av Reed, og han gjekk i studio i New York for å spele inn studiodelen av albumet. Produsenten Richard Robinson slutta så på prosjektet etter ein krangel i studio. Reed ønskte å halde fram å flytta til Record Plant i lag med lydteknikaren Rod O’Brien.
Arista-direktøren Clive Davis oppfordra Reed til å fokusere og utvide tittelsporet, «Street Hassle», som førte til ein song i tre delar med ei lengd på 11 minutt. Det var den einaste songen som vart fullstendig skriven og spelt inn i studio, med ein tekst av Reed som enda med «Tramps like us, we were born to pay». Etter at lydteknikaren meinte at linja høyrte til nokon andre, drog dei begge opp ein etasje, der Bruce Springsteen arbeidde på det fjerde albumet sitt, seinare kalla Darkness on the Edge of Town. Ikkje berre let Springsteen Rede få nytte frasen frå «Born To Run», han song personleg linja etter ønske frå Reed. Opptaket vart gjort på eitt til to forsøk. Springsteen vart ikkje oppført i plateomslaget for å ha sunge linja på Street Hassle, fordi han var under kontrakt med Columbia Records.
Binaural innspeling
Innspelinga av Street Hassle var kjend for at Reed og medprodusenten hans valde å bruke ein eksperimentell mikrofonteknikk kalla binaural innspeling. I binauralinnspeling vert to mikrofonar plasserte i studio i eit forsøk på å etterlikne stereolyden for nokon som faktisk er i same rommet som artistane og instrumenta. For innspelinga og konsertopptak til Street Hassle, nytta lydteknikarar ein mannekengdukke med mikrofonar på kvart øyre. Binaurale innspelingar er vanlegvis berre effektive når lyttaren høyrer på albumet med hovudtelefonar, og fungerer ikkje like effektivt gjennom stereohøgtalarar.
Det binaurale innspelingssystemet som Reed nytta vart utvikla av Manfred Schunke frå det tyske selskapet Delta Acoustics. Schunke står oppført som lydteknikar på Street Hassle. Reed fortsette å bruke binaurale innspelingar på to album til, konsertalbumet Live: Take No Prisoners i 1978 og studioalbumet The Bells i 1979.
Songar og komposisjon Street Hassle inneheld ein song som opphavleg vart skriven av Reed medan han var i The Velvet Underground, i dette tilfellet «Real Good Time Together», som tidlegare hadde kome ut i 1974 på 1969: The Velvet Underground Live. «Dirt» handlar visstnok om den tidlegare manageren hans, Steve Katz.
AllMusic-redaktøren Mark Deming har skrive at «tittelsporet, eit poetisk tonedikt i tre satsar om livet i gatene i New York, er eit av dei mest dristige og sterkt rørande augneblinka i solokarrieren til Reed.» Biografen Anthony DeCurtis skreiv at albumet i stor grad var motivert av og representerte slutten av det tre år lange forholdet mellom Reed og Rachel Humphreys, ei transkvinne ein trur døydde av AIDS i 1990. DeCurtis oppsummerte tittelsporet som «eit slags rekviem for forholdet til Reed og Rachel.» I ein artikkel frå 1979 i Rolling Stone, refererte Mikal Gilmore til Humphreys som «raison d'être» eller «føremålet» med heile albumet.
Mottaking
Street Hassle vart møtt med stort sett positive meldingar. Rolling Stone-skribenten Tom Carson, som kalla albumet «glimrande» og «ei vedkjenning om fiasko som vert ein fantastisk, glødande triumf - det beste soloalbumet Lou Reed nokon gong har gjort.» Robert Christgau i The Village Voice var meir lunken til albumet og meinte at«trass i styrken i mykje av materialet, er produksjonen grumsete og kynismen er uinteressant, og sjølvreferansane er tenar seg sjølv.» I ei seinare melding for AllMusic, skreiv Mark Deming at sjølv om «tida har sett lys på feila på albumet», var Street Hassle «framleis blant dei mest kraftfulle og overtydande albuma Reed gav ut i 1970-åra, og for personleg og påverkande til å ignorerast.»
Innhald
Medverkande Henta frå plateomslaget til Street Hassle. Lou Reed – gitar, bassgitar, piano, vokal Stuart Heinrich – gitar på «Street Hassle», korvokal på «Leave Me Alone» Michael Fonfara – piano på «I Wanna Be Black» og «Shooting Star» Marty Fogel – saksofon Steve Friedman – bassgitar på «Leave Me Alone» Jeffrey Ross – sologitar, korvokal på konsertopptaka (står ikkje i plateomslaget) Michael Suchorsky – trommer Aram Schefrin – strykearrangement Genya Ravan – korvokal Jo'Anna Kameron – korvokal Angela Howard – korvokal Christine Wiltshire – korvokal Bruce Springsteen – talte ord på «Street Hassle: Slipaway» (står ikkje i plateomslaget)
Produksjon Lou Reed – plateprodusent; miksing Richard Robinson – produsent Rod O'Brien – lydteknikar; miksing Manfred Schunke – lydteknikar på konsertopptaka Heiner Friesz – lydteknikar på konsertopptaka Gray Russell – assisterande lydteknikar Gregg Caruso – assisterande lydteknikar Ted Jensen – mastering i Sterling Sound
Salslister Vekeslister Liste (1978)PlasseringAustralske album (Kent Music Report)24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Street Hassle» frå , den 5. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Lou Reed-album Kategori:Album produserte av Lou Reed Kategori:Arista Records-album Kategori:Binaurale innspelingar