Weinfelden er ein kommune i kantonen Thurgau i Sveits. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 432 meter over havet. Weinfelden er hovudstad i eit distrikt med same namnet.
Etter som Weinfelden ligg i midten av kantonen, har ein del av kantonsadministrasjonen tilhald i byen. Også Thurgauer Kantonalbank har hovudsete i byen. I vinterhalvåret held kantonsrådet møta sine i Weinfelden.
Historie Allereie i år 124 e.Kr. var det ei romersk bru over elva Thur ved Weinfelden. I romartida vart staden kalla Quivelda. Namnet Weinfelden er først dokumentert i 838.
Weinfelden var lenge den klart største byen i Thurgau. År 1798 leia Paul Reinhart frigjeringa av området, som til dess hadde vore underlagt det sveitsiske eidsforbundet. I 1803, etter oppløysinga av republikken Helvetia, vart Thurgau erklært ein sjølvstendig kanton i nettopp Weinfelden. Småbyen Frauenfeld vart hovudstad i kantonen.
Hausten 1830 tala Thomas Bornhauser til ei stor folkemengd i Weinfelden, der han kravde ei liberal grunnlov for kantonen. Den liberale grunnlova vart proklamert året etter, som ei av dei tidlegaste, demokratiske grunnlovene i Europa.
Portrett av både Paul Reinhart og Thomas Bornhauser heng i dag i rådhuset i Weinfelden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Weinfelden» frå , den 5. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kommunar i Thurgau