Pretties for You er debutalbumet til Alice Cooper. På denne tida viste namnet «Alice Cooper» til eit band, ikkje til songaren, sjølv om songaren òg vart kalla Alice Cooper. Musikken har ein psykedelisk smak. Gruppa hadde ikkje enno utvikla den meir konsise hardrockstilen dei vart kjend for. Dei fleste songane på albumet har ein særeigen høglydt og dynamisk rockestil, men få av songane har ein hardrock-kvalitet. Pretties For You fekk dårleg kritikk og selde dårleg.

Songen «Reflected», den første singelen til Alice Cooper, vart seinare omskriven som «Elected» og gjeven ut på albumet deira Billion Dollar Babies i 1973.

Kunstverket for dette albumet hang på veggen i stova til Frank Zappa. Det originale måleriet vart måla av Ed Beardsley.

Innhald

Medverkande Alice Cooper – vokal, munnspel Glen Buxton – sologitar Michael Bruce – rytmegitar, klaverinstrument, solovokal på «Sing Low, Sweet Cheerio» Dennis Dunaway – bassgitar Neal Smith – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pretties for You» frå , den 23. oktober 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Alice Cooper-album Kategori:Debutalbum frå 1969