Torbjørn Ruste () var ein norsk skihoppar frå Oslo, og som representerte Nydalens Skiklub i Oslo.

Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1954/55, der han vann renna i Innsbruck og Bischofshofen og vart nummer 4 i Oberstdorf. Både i Innsbruck og i Bischofshofen måtte vinnaren av hoppveka, finske Hemmo Silvennoinen, nøye seg med andreplassen. I Garmisch-Partenkirchen fall Ruste, og han kom difor langt ned på samanlagtlista. Han deltok også i den sveitsiske hoppveka i 1959.

Ivar Ruste var bror hans. Merittar Besteplasseringar i internasjonale renn 1955: Vinnar av to renn i Innsbruck og Bischofshofen

Besteplasseringar i noregsmeisterskap 1955: Nr 6 på Voss

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Torbjørn Ruste til minne

Kategori:Norske skihopparar Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo