Hamilton er ein by i regionen South Lanarkshire i Skottland. Han har kring 55 000 innbyggjarar og ligg der innsjøen Awon Water renn ut i elva Clyde. Byen er eit historisk sentrum der hertugen av Hamilton hadde setet sitt.

Ruinane av den gamle borga Cadzow Castle ligg her.

Venskapsbyen til Hamilton er Châtellerault i Frankrike. Dei historiske banda mellom byane går tilbake til 1500-talet, då tittelen «Duc de Châtellerault» vart gjeven til James Hamilton. Den 7. februar 2005 fekk Hamilton status som rettferdig handel-by.

Fotballaget Hamilton Academical FC held til i byen og spelar heimekampane sine på New Douglas Park.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hamilton i Skottland» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i South Lanarkshire