Prestwick er ein by i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 15 000 innbyggjarar. Byen ligg rett nord for administrasjonsbyen i regionen, Ayr, og dei to byane veks meir og meir saman.

Byen er kjent for golfbanane sine, først og fremst Prestwick Golf Club.

mini|venstre|Rådhuset i Prestwick.

Glasgow Prestwick lufthamn ligg rett utanfor byen, og omkring 53 km frå Glasgow. Han blir brukt mykje av lågprisselskap som Ryanair og BMIbaby, og er eit knutepunkt for flytransport. Polar Air Cargo brukar han som hovudbasen sin. BAE Systems og GE Aircraft Engines har vedlikehalds- og produksjonslokale ved flyplassen.

Prestwick er òg eit sentrum for flykontrolltenesta, og kontrollerer omkring 70 % av flytrafikken i Storbritannia. I tillegg utgjer han halvparten av Shanwick Oceanic Control Centre, som overvaker all flytrafikk på den europeiske sida av Nord-Atlanteren.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prestwick» frå , den 3. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar og landsbyar i South Ayrshire