Castletown (skotsk-gælisk Baile a' Chaisteil ) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 850 innbyggjarar og ligg mellom John o' Groats og Thurso.
mini|venstre|Stranda i Dunnet Bay.
Mykje av landsbyen ligg i området kjent som Stanergill. Elva Stanergill Burn var tidlegare austgrensa for det busette området. Ho renn no gjennom den austlege delen av landsbyen og så vidare ut i Atlanterhavet ved Dunnet Bay.
Stanergill tyder «steindalen», og mykje av busetnaden i Castletown skriv seg frå 1800-talet, då det var ei oppgangstid for steinbrot der. Mykje av steinen vart klargjort for utskiping i hamneområdet, kjent som Castlehill. Stein frå Castletown finn ein blant anna på mange av gatene i London.
Landsbyen høyrer til Olrig sokn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Castletown i Caithness» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Highland