Ae er ein landsby i regionen Dumfries and Galloway i Skottland. Han har kring 200 innbyggjarar og ligg ved elva Ae. Landsbyen skal ha det kortaste namnet i Storbritannia.
Staden ligg i ein stor barskog som vart planta av Forestry Commission i 1947. Blant dei vanlegaste tresortane er sitkagran, lerk, furu og gran. Det er òg eit rikt dyreliv, med blant anna rådyr, raudrev, hare, skogsdue, sporvehauk og fasan.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ae (Skottland)» frå , den 3. november 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar og landsbyar i Dumfries and Galloway