miniatyr|Ornette Coleman på Enjoy Jazz Festival, Heidelberg, oktober 2008 Randolph Denard Ornette Coleman () var ein amerikansk jazzmusikar og komponist som hovudsakleg spelte altsaksofon, i blant òg tenorsaksofon, trompet og fele. Han blir rekna som ein pionér innan frijazzen.

Liv og karriere Coleman blei fødd og voks opp i Fort Worth, Texas. Han lærde seg på eiga hand å spele saksofon og lese noter. 19 år gamal reiste han vekk for å bryte ut av armoda og rasediskrimineringa i Sørstatane. Han slo seg fram med småjobbar, blant anna som heisoperatør, i Los Angeles og studerte samstundes harmonilære og musikkteori. Her utvikla han sitt musikalske konsept basert på logikk og matematikk og fann medspelarar i Don Cherry (tp), Bobby Bradford (tp), Walter Norris (p), Ed Blackwell (dr), Billy Higgins (dr) og Charlie Haden (b). Dei to sist nemnde blei han kjent med i gruppa til Paul Bley (p). Bley gjekk etter kvart ut av bandet og namnet blei endra til Ornette Coleman Quartet.

Kvartetten fekk spelejobbar på små klubbar i Los Angeles. Den første platekontakten kom som resultat av rein slump: eit plateselskap som hadde kjøpt eit arrangement av Coleman fann ikkje nokon annan som klarte å spele musikken. Ved hjelp av John Lewis som mellommann gjekk Coleman til Atlantic Records i 1959. Eit engasjement ved den vidkjende klubben Five Spot i New York i 1959 følgde, og frå nå av var Ornette Coleman Quartett eit akta namn i jazz-kretsar.

Saman med Eric Dolphy (bassklarinett), Don Cherry (kornett), Freddie Hubbard (trompet), Scott LaFaro (bass), Charlie Haden (bass), Billy Higgins (slagverk) og Ed Blackwell (slagverk) – det vil seie ein dobbeltkvartett – spelte Coleman i 1960 inn sitt truleg mest kjente album Free Jazz: A Collective Improvisation. Dette albumet blei vegvisande for utviklinga av atonal avantgardjazz. I 1960-åra lærte Coleman å spele trompet og fele såpass at han kunne bruke desse instrumenta til klangfargeeffektar. Frå tidleg 1960-tal komponerte han òg verk for kammermusikkensemble og frå 1967 fleire symfoniske verk for større ensemble (Skies of America, 1972).

Med utgangspunkt i frijazzen utvikla Ornette Coleman frå 1970-åra eit system han kalla harmolodikk.Pepsch Muska om harmolodikk (1995) i Internet Archive Til skilnad frå i modalt spelOm modalt spel, sjå albumet Kind of Blue improviserar musikarane over lineære intervallserier. Frå midten av 1970-talet blei Coleman, spesielt med bandet Prime Time, til ein pionér innan Free funk ved å kombinere det harmolodiske systemet med rytmar frå rocken og sfæriske klangar. Han kom med fleire plater med Prime Time i 1980-åra, men òg med den klassiske kvartetten sin.

Midt på 1990-talet var Coleman særs aktiv: han gav ut fire album i 1995 og 1996, og for første gong på mange år spelte han jamleg med pianistar (anten Geri Allen eller Joachim Kühn).

I 2002 og 2003 gjorde Ornette Coleman avstikkarar til rockemusikken og medverka på Lou Reed sitt arbeid med diktet The Raven (av Edgar Allan Poe) og på Eddy Grant sitt album Hearts & Diamonds. Tidlegare hadde han vore med på produksjonar av Yoko Ono, Claude Nougaro, Jamaaladeen Tacuma og Joe Henry.

Ved sida av musikk var Coleman interessert i vitskaplege tema frå fysikk, matematikk og kjemi. Saman med poeten og performancekunstaren Jayne Cortez hadde han sonen Denardo Coleman som er jazztrommis og som har spelt på mange av faren sine album frå 1966.

Kjelder Denne artikkelen er ei omsetting av «» frå , den 25. november 2011.

Litteratur

Referansar

Bakgrunnsstoff

Ornette Coleman si offisielle webside Omfattande diskografi

Artiklar Seeking the Mystical Inside the Music, New York Times, 22. september 2006, henta 25. november 2011 Ornette Coleman: The Samuel Beckett of Jazz av NPR Christian Broecking: Ornette Coleman zum 80. Musik kennt keine Hautfarbe. Zeit online, 9. mars 2010, henta 25. november 2011

Kategori:USA-amerikanske jazzsaksofonistar Kategori:USA-amerikanske jazzkomponistar‎ Coleman, Ornette Kategori:Pulitzerpris-vinnarar Kategori:Folk frå Fort Worth