Isaac Barrow () var ein engelsk matematikar og teolog.

Han studerte i Cambridge, der han i 1661 etter eit lengre utanlandsopphald vart professor i gresk, og seinare i matematikk. I 1669 overgav han professoratet til eleven sin Isaac Newton. Barrow slo seg så over på teologisk forfattarskap, og vart sidan rektor ved Trinity College og visekanslar for universitetet i Cambridge. Han var òg ein av dei store predikantane i samtida si.

Han er mest kjend for arbeida sidan innan matematikk og er ein av dei viktigaste banebrytarane for differensial- og integralrekning. I tillegg arbeidde han med optikk.

Kjelder

Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Folk frå London Kategori:Matematikarar på 1600-talet