«Made in England» er ein song av Elton John frå albumet hans Made in England frå 1995. Det er ei sjølvbiografisk soge frå oppveksten hans og delar av livet hans og korleis det er i England.
«Made in England» vert ofte rekna som ei engelsk hyllest, på grunn av den livlege melodien og at «England» vert ropt ut mange gonger mot slutten av songen. Teksten fortel derimot ei heilt anna soge og dei siste linjene oppsummerer det heile:
«But the joke's on you, you never read the song They all think they know but they all got it wrong» Elton John i «Made in England»
På denne måten er songen særs lik Bruce Springsteen sin «Born in the USA» som ofte vert mistolka som ein pro-USA song.
Medverkande Elton John – vokal, piano, klaverinstrument Guy Babylon – klaverinstrument, programmering Bob Birch – bass Ray Cooper – Perkusjon Davey Johnstone – gitarar Charlie Morgel – trommer
Salslister Årslister Liste (1995)PlasseringCanada Top Singles (RPM)40
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Made in England (song)» frå , den 10. desember 2011.
Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Elton John-songar Kategori:Songar frå 1995 Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Bernie Taupin