mini|«Wassail Song» framført av U.S. Army Band. «The wassail song», ofte kjend under førstelinja «Here we come awassailing» eller «Here we go awassailing» (også «a-wassailing», «a-whistling», «a-caroling») er ein tradisjonell engelsk julesong som viser til wassail-skikken med å vitja hus med song og dela mat og drikke. Ein annan wassailsong som tidvis også blir kalla «The wassail[ing] song» har opningslinja «Wassail, wassail! all over the town».
Folkesongen blei først trykka på 1800-talet, og var då kjend over store delar av England. Han kan vera nokre hundreår eldre. Han skildrar det å gå wassailing (ei form for julebukk), og songarane ber i dei ulike versa om mat, drikke og litt pengar. I det siste verset blir familien dei vitjar signa, og i kvart vers blir tilhøyrarane ønskt kjærleik, glede og godt nyttår. Songen skil seg frå mange andre julesongar ved ikkje å visa til juleevangeliet, men berre til julefeiringa og dei fattige som ber.
Framføring «The wassail song» er blitt ein populær framføringssong også i område der ein ikkje har tradisjon for wassailing. Han er mellom anna blitt spelt inn av: Ames Brothers Tennessee Ernie Ford George Mitchell Minstrels Alvin and the Chipmunks på albumet Christmas with The Chipmunks, Vol. 2 (1963) The Singers Unlimited på Christmas (1972) The Watersons på For Pence And Spicy Ale (1975) Ray Conniff på Christmas Album (1989) Westminster Choir på Christmas Masterpieces and Familiar Carols (2006) David Arkenstone på Celtic Christmas (2006) Yo-Yo Ma på Songs of Joy & Peace (2008) Kate Rusby på Sweet Bells (2008) Magpie Lane på Wasail! (2009) The Boy Least Likely To på Christmas Special (2010)
Sjå òg Wassail, wassail We wish you a Merry Christmas
Kjelder
www.discogs.com
Bakgrunnsstoff THE WASSAIL SONG ved hymnsandcarolsofchristmas.com THE WASSAIL SONG (versjon 2) ved hymnsandcarolsofchristmas.com
Kategori:Engelske julesongar