Raidet på Newfoundland var eit tokt leia av engelske kaptein John Leake mellom august og oktober 1702 med dei franske kolonibusetnadane på øyane Newfoundland og Saint Pierre som mål. Raidet skjedde i starten av Dronning Anne-krigen, som den nordamerikanske krigsskodeplassen av den spanske arvefølgjekrigen stundom vert kalla.

Flåten til Leake gjekk mot dei franske busetnadane på sørkysten av Newfoundland, øydela fiskevær og anna infrastruktur. Dei kapra fiske- og handelsskip, og øydela det meste av busetnaden på Saint Pierre. Før han vendte attende til England, tok Leake fleire skip frå ein fransk handelskonvoi på veg mot Europa. Meir enn 50 skip vart kapra totalt, og seks periodiske busetnadane vart øydelagde. Den sterkt befesta franske basen i Plaisance vart ikkje angripen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Newfoundland expedition (1702)» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konfliktar i 1702 Newfoundland 1702 Newfoundland 1702 Newfoundland 1702 Kategori:Historia til Newfoundland og Labrador Kategori:Ny-Frankrike Kategori:1702 i Canada