mini|Byste i Klagenfurt mini|Signatur Ingeborg Bachmann () var ein av dei viktigaste tyskspråklege lyrikarane og prosaforfattarane på 1900-talet. Ho skreiv i blant under pseudonymet «Ruth Keller».
Liv Ingeborg Bachmann voks opp i Kärnten og var det første barnet til rektoren Mathias Bachmann og Olga Haas. Som barn hadde ho ambisjonar om å bli musikar og tok til å komponere musikk og skrive dikt allereie i ung alder. Frå 1945 til 1950 studerte ho filosofi, psykologi, germanistikk og rettsvitskap ved universiteta i Innsbruck, Graz og Wien. DoktorarbeidetKatalogzettel Universitätsbibliothek Wien var ei kritisk analyse av Martin Heidegger sin eksistensialisme.
Magasinet Kärntner Illustrierte publiserte i 1946 den vesle novella «Die Fähre», og det var det første verket Ingeborg Bachmann fekk på trykk.Kärntner Illustrierte: Abb. 4: Die erste Veröffentlichung von Ingeborg Bachmann, die Kurzerzählung: „Die Fähre“. Henta 6. januar 2012. I studietida blei Bachmann kjend med Paul Celan, Ilse Aichinger og Klaus Demus. Ho hadde eit kjærleiksforhold til Celan på slutten av 1940- og og byrjinga av 1950 åra. Eit brev i buet etter den austerrikske filosofen Jacob Taubes frå 1981, som blei publisert i 2005, syner at Ingeborg Bachmann på eit tidspunkt òg hadde eit kjærleiksforhold med Taubes.I Trajekte (Zeitschrift des Zentrums für Literaturforschung Berlin). nr. 10, 5. årgang, april 2005; sjå òg Ingeborg-Bachmann-Forum
Etter at Bachmann var uteksaminert ved universitetet arbeidde ho i 1951–1953 ved den allierte radiostasjonen Rot-Weiß-Rot i Wien. Her skreiv ho sitt første høyrespel Ein Geschäft mit Träumen og forfatta elleve episodar i det svært populære vekentlege programmet Radiofamilie – at det var ho som skreiv dei blei ikkje kjend før lenge etter at ho var død.Ingeborg Bachmann: Die Radiofamilie. Red. Joseph McVeigh, Suhrkamp, Berlin 2011, ISBN 978-3-518-42215-1, s. 402 f.Ina Hartwig: „Die Ingeborg hat ein Ei gelegt.“ Im Nachlass entdeckt: „Die Radiofamilie“. Ingeborg Bachmann überrascht als famose Unterhaltungsautorin. I: vekeavisa Die Zeit, Hamburg, nr. 22, 26. mai 2011, s. 54
I 1953 las ho for første gong opp på eit Gruppe 47-møte og gjorde si første reise til Italia. Same år fekk ho Gruppe 47 sin litteraturpris for diktsamlinga Die gestundete Zeit. Frå seinsommaren same år budde ho i Ischia, Napoli, til slutt Roma. I august hadde det tyske vekebladet Der Spiegel ein hovudartikkelen om henne og med det blei ho kjend for eit større publikum.GEDICHTE AUS DEM DEUTSCHEN GHETTO på spiegel.deStenogramm der Zeit på spiegel.de Frå 1955 samarbeidde ho med komponisten Hans Werner Henze ved å skrive høyrespelet Die Zikaden, tekstversjonen til ballettpantomimen Der Idiot og operalibrettoane til Der Prinz von Homburg og Der junge Lord.
Bachmann budde i Roma i sambuarskap med den sveitsiske forfattaren Max Frisch frå 1960. For den første novellesamlinga si, Das dreißigste Jahr (1961), vann ho den tyske kritikarprisen (Deutscher Kritikerpreis). Ho blei òg medlem av Berlin kunstakademi (Akademie der Künste). To av hennar forteljingar med eit eksplisitt kvinneperspektiv, Ein Schritt nach Gomorrha og Undine geht høyrer til dei tidlegaste døma på feministiske ytringar i den tyskspråklege etterkrigslitteraturen.Biografi på fembio.org
Samlivet med Frisch tok slutt i 1962. Ingeborg Bachmann takla brotet dårleg, og ho måtte ved fleire høve legge seg inn på sjukehus. I 1963 fekk ho eit eittårig «Artist in Residence»-stipend frå Ford Foundation og med det i lomma reiste ho til Berlin der ho blei buande til 1965. Ho byrja å arbeide på romantrilogien Todesarten, men berre første band, Malina (1971) blei ferdigskriven. Dei to andre, Der Fall Franza og Requiem für Fanny Goldmann blei publisert som fragment i 1979. Desse seine arbeida til Bachmann reknar kvinneforskarar som «paradigmatisk kvinnelitteratur».Paradigma weiblichen Schreibens, sjå austria-lexikon.at kortbiografi på austria-lexikon.at
I 1964 vann Ingeborg Bachmann Georg-Büchner-Preis. Året etter reiste ho attende til Roma. Ho var no avhengig av tablettar og publiserte berre sporadisk nokre dikt. I 1967 forlét ho Piper Verlag fordi dei hadde gjeve den tidlegare Hitlerjugend-leiaren Hans Baumann i oppdrag å omsette Anna Akhmatova sin diktsyklus Requiem. Ho skifta over til Suhrkamp Verlag etter at Paul Celan anbefalte forlaget. I sitt siste brev til Bachmann frå 30. juli 1967 takka Celan for engasjementet hennar i «Akhmatova-affæren».Briefwechsel Bachmann / Celan, a.a.O. S. 159 und 344 Novellesamlinga Simultan (1972) blei løna med Anton-Wildgans-Preis, men Marcel Reich-Ranicki kritiserte samlinga som «affektert-anakronistisk prosa».«preziös-anachronistische Prosa», Berliner Allgemeine Zeitung 16. mars 1973).
mini|venstre|Via Giulia 66 i Roma - Ingeborg Bachmann sin siste bustad Natta til 26. september 1973 blei Ingeborg Bachmann hardt skadd under ein brann i leilegheita si i Roma. På grunn av de mangeårige storforbruket av roande middel (barbituratar) – noko dei behandlande legane først ikkje var klår over – døydde ho 17. oktober 1973 av alvorlege abstinenssymptom (konvulsjonar som likna epileptiske anfall).Ingeborg Bachmann: Die Grenzgängerin aus Kärnten Det italienske politiet etterforska først brannen som mogleg mordbrann, men det blir no rekna som sannsynleg at brannen starta ved at ho sovna frå ein brennande sigarett. Ho skal ha tatt opp til 100 tablettar om dagen og denne sterke dosen hadde gjort henne så ufølsam for smerte at Alfred Grisel, som vitja henne i starten av august 1973, fortalde at han såg brennande oske frå Gauloises-sigarettane ho røykte falle ned på armen uten at ho reagerte, og at kroppen hennar var nåbleik og full av merke etter brennande oske.Peter Beicken: Ingeborg Bachmann. Becksche Reihe 605, 2. opplag, München 1992, s. 213.
Ingeborg Bachmann er bisett på gravplassen Zentralfriedhof Annabichl i Klagenfurt.
Heinrich Böll skreiv ein nekrolog i Der Spiegel der han beskreiv ho som ein «briljant intellektuell som i poesien sin korkje veik unna sensualitet eller neglisjerte abstraksjon.»„brillante Intellektuelle“, die „in ihrer Poesie weder Sinnlichkeit einbüßte noch Abstraktion vernachlässigte“, «Ich denke an sie wie an ein Mädchen» i Der Spiegel nr=43/1973, s.206
Ho etterlét seg 6 000 manuskriptsider som sidan 1979 har vorte oppbevart i Österreichische Nationalbibliothek.
Ettermæle Ein litteraturkonkurranse i Klagenfurt har sidan 1977 delt ut Ingeborg-Bachmann-Preis; den blir rekna som ein av dei viktigaste litteraturprisane i det tyske språkområdet.
I Klagenfurt har eit gymnas fått namnet «Ingeborg Bachmann-Gymnasium», og i Wien er «Ingeborg-Bachmann-Platz» i 22. Bezirk kalla opp etter henne.
Verk mini|Bachmann sitt dikt Wahrlich på ein husfasade i Leiden.
Lyrikk 1953: Die gestundete Zeit 1956: Anrufung des großen Bären, med: Reklame 1998: Letzte, unveröffentlichte Gedichte 2000: Ich weiß keine bessere Welt
Prosa ca. 1944: Das Honditschkreuz 1946: Die Fähre 1949: Im Himmel und auf Erden, Das Lächeln der Sphinx, Die Karawane und die Auferstehung 1951: Der Kommandant 1952: Auch ich habe in Arkadien gelebt, Ein Geschäft mit Träumen ca 1956: Portrait von Anna Maria 1959: Der Schweißer, Der Hinkende 1961: Das dreißigste Jahr, ei novellesamling med blant anna Undine geht 1966: Der Fall Franza 1971: Malina, 1990 filma av Werner Schroeter og Elfriede Jelinek. 1972: Simultan 1995: „Todesarten“-Projekt. Kritische Ausgabe
Høyrespel 1952/53: Die Radiofamilie (14 episodar)dradio Kultur - Unterhaltsame Dramolette: Ingeborg Bachmann: Die Radiofamilie.Die Seifenopern der Bachmann. 2011: kommentert utgåve, red. Joseph McVeigh: Suhrkamp Verlag, Berlin ISBN 978-3-518-42215-1Das Faustische in Onkel Guido i: FAZ frå 1. juli 2011, side 36 1952: Ein Geschäft mit Träumen 1955: Die Zikaden 1958: Der gute Gott von Manhattan
Libretti 1952: Ein Monolog des Fürsten Myschkin 1960: Der Prinz von Homburg 1965: Der junge Lord
Essays 1960: Probleme zeitgenössischer Dichtung 1965: Ein Ort für Zufälle 1981: Die Wahrheit ist dem Menschen zumutbar 1998: Römische Reportagen – Eine Wiederentdeckung 2005: Kritische Schriften
Brevsamlingar Ingeborg Bachmann & Hans Werner Henze: Briefe einer Freundschaft. Red. Hans Höller. Forord av Hans Werner Henze. Piper, München 2004. ISBN 3-492-04608-8 Herzzeit. Der Briefwechsel zwischen Ingeborg Bachmann und Paul Celan. Med koorespondansen mellom Paul Celan og Max Frisch, og mellom Ingeborg Bachmann og Gisèle Celan-Lestrange. Rediogert og kommentert av Bertrand Badiou, Hans Höller, Andrea Stoll og Barbara Wiedemann, Suhrkamp Frankfurt 2008. ISBN 3-518-42033-X Ingeborg Bachmann: Kriegstagebuch. Mit Briefen von Jack Hamesh an Ingeborg Bachmann. Utgjven med eit etterord av Hans Höller. Suhrkamp, Berlin 2010. ISBN 978-3-518-42145-1
Omsettingar og gjendiktingar til norsk Vårherre fra Manhattan, 1962, omsett av Inger Hagerup Ord mot avmakt, 1977, gjendikta av Odd Abrahamsen Tredve (noveller), 1980, omsett av Gerd Høst og Åse-Marie Nesse Ny tenkning, nytt språk, 1996, omsett av Sverre Dahl Böhmen ligger ved havet. Utvalgte dikt, 1997, gjendikta av Karin Haugane, ISBN 9788274880801 (8274880803) Malina, 1997, omsett av Sverre Dahl, ISBN 9788274880627 (8274880625) Det er rimelig å kreve sannheten av mennesket. Essays, mindre skrifter og intervjuer, 1997, omsett av Sverre Dahl, ISBN 9788274880733 (8274880730) Simultan, 1998, omsett av Sverre Dahl, ISBN 9788274880863 (8274880862)
Litteratur Monika Albrecht (red): Bachmann-Handbuch. Leben, Werk, Wirkung. Metzler, Stuttgart 2002. ISBN 3-476-01810-5 Heinz Ludwig Arnold (red.): Ingeborg Bachmann. Text + Kritik, München 1984. ISBN 3-88377-189-9 Kurt Bartsch: Ingeborg Bachmann. Metzler, Stuttgart 1988. ISBN 3-476-10242-4 Peter Beicken: Ingeborg Bachmann. Beck, München 1988. ISBN 3-406-32277-8 Theo Breuer: «Ingeborg Bachmann. Sämtliche Gedichte (2002)». I Aus dem Hinterland. Lyrik nach 2000, Edition YE, Sistig/Eifel 2005, S. 355-357. Andreas Hapkemeyer: Ingeborg Bachmann. Entwicklungslinien in Werk und Leben. Verlag der Österreichischen Akademie der Wissenschaften, Wien 1990. ISBN 3-7001-1759-0 Joachim Hoell: Ingeborg Bachmann. München, dtv 2004, ISBN 3-423-31051-0 Hans Höller: Ingeborg Bachmann. Reinbek, Rowohlt 1999, ISBN 3-499-50545-2 Doris Hildesheim: Ingeborg Bachmann: Todesbilder, Todessehnsucht und Sprachverlust in „Malina“ und „Antigone“. Weißensee, Berlin, 2000 ISBN 978-3-934479-34-0 Herbert Hopfgartner: Ingeborg Bachmann und die Musik. Universität Warschau, Studien zur Deutschkunde (XXIX. Band, red. Lech Kolago) Warschau 2005, ISSN 0208-4597 Ariane Huml: „Silben im Oleander, Wort im Akaziengrün.“ Zum literarischen Italienbild Ingeborg Bachmanns. Wallstein, Göttingen 1999. ISBN 3-89244-330-0 Christine Kanz: Angst und Geschlechterdifferenzen. Ingeborg Bachmanns „Todesarten“-Projekt in Kontexten der Gegenwartsliteratur. Metzler, Stuttgart 1999. ISBN 3-476-01674-9. Holger Pausch: Ingeborg Bachmann. Colloquium, Berlin 1987. ISBN 3-7678-0685-1 Oliver Simons und Elisabeth Wagner Hgg.: Bachmanns Medien. Vorwerk 8, Berlin 2008, ISBN 978-3-930916-98-6 Frauke Meyer-Gosau: „Einmal muss das Fest ja kommen.“ Eine Reise zu Ingeborg Bachmann. Beck, München 2008, ISBN 978-3-406-57686-7 Michèle Pommé: Ingeborg Bachmann, Elfriede Jelinek. Intertextuelle Schreibstrategien in „Malina“, „Das Buch Franza“, „Die Klavierspielerin“ und „Der Tod und das Mädchen V (Die Wand)“. Reihe: Kunst und Gesellschaft - Studien zur Kultur im 20. und 21. Jahrhundert, 6. Röhrig, St. Ingbert 2009, ISBN 978-3-86110-462-9
Referansar
Bakgrunnsstoff Ingeborg_Bachmann på tysk wikiquote
Lenkesamling ved Universitätsbibliothek der Freien Universität Berlin Ingeborg-Bachmann-forum Framstilling av liv og verk biografi, fortolkingar, utdrag, bibliografi Biografi, litteratur og kjelder for Ingeborg Bachmann FemBio, Institut für Frauen-Biographieforschung Literatur-Verein Ingeborg Bachmann
Kategori:Tyskspråklege forfattarar