Roger Staub () var ein sveitsisk skirennar som vart olympisk meister i storslalåm under Vinter-OL 1960. Han var frå Arosa i kantonen Graubünden.
Aktiv Staub debuterte i internasjonale meisterskap under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo med ein fjerdeplass i utfor. Under VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein vann han sølvmedaljen i utfor, kom på delt bronseplass med franske François Bonlieu storslalåm og vart nummer fem i slalåm. Også i den alpine kombinasjonen(slalåm/utfor) kom han på tredjeplass.
Høgdepunktet som alpinist kom under vinter-OL 1960 i Squaw Valley i USA, då Staub vart olympisk meister i storslalåm, fire tidels sekund føre Pepi Stiegler frå Austerrike. I utfortevlinga kom han på femteplass. Han la opp som aktiv skirennar i 1961.
Staub omkom i 1974 under hanggliding i Verbier.
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen bygger på «Roger Staub» frå , den 23. januar 2012.
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1960 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1960