Mýki (gresk Μύκη, tyrkisk Mustafçova, bulgarsk (pomakisk) Мустафчово, Mustaftsjovo) er ein kommune i periferieininga Xánthi i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.
Mýki ligg i Rodopifjella nord for Xánthi og grensar mot Bulgaria i nord. Mange av innbyggjarane er pomakar.
Administrativ inndeling
Frå 2011 omfattar kommunen òg dei tidlegare kommunane Kotýli, Thérmes og Sátres. Dei fire tidlegare kommunane er no kommunaleiningar. mini|venstre|Den tidlegare kommunen Mýki, no kommunaleininga Mýki Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 14 237 innbyggjarar, medan kommunaleininga Mýki hadde 11 288 og tettstaden med same namn 1 347 innbyggjarar.
Byar og tettstader Dei største byane og tettstadene i kommunen er: Tettstad Kommunaleining Folketal 2011Folketeljing 2011, revidert Folketal 2021Folketeljing 2021 Kéntavros Mýki 2 580 2 448 Ekhínos Mýki 2 486 2 210 Mýki Mýki 1 313 1 347 Glávki Mýki 1 447 1 282 Pákhni Kotýli 1 031 1 028 Dimário Kotýli 623 582 Melívia Mýki 588 570
Referansar
Myki Myki Myki Myki