Sils im Engadin/Segl (tysk Sils im Engadin; retoromansk Segl) er ein kommune i distriktet Maloja i den sveitsiske kantonen Graubünden. Kommunen har innbyggjarar () og eit areal på . Kommunesenteret ligg 1803 meter over havet, ved austenden av innsjøen Silsersee i dalføret Ober-Engadin. Til St. Moritz er det om lag ni kilometer i nordvestleg retning.

Retoromansk var det stadeigne talemålet, men sidan 1970 har tysk vorte talemålet til eit fleirtal av befolkninga. Ved folketeljinga 2000 gav 59,4% opp tysk som morsmål. Retoromansk hadde då falle til 12%, medan italiensk held stillinga med sine 15,5%.

mini|venstre|upright|Sils og Silsersee

Kommunen består av landsbyen Sils im Engadin/Segl som består av delane Sils-Maria, Sils-Baselgia, Fex og Grevasalvas. Han ligg i øvre Engadindalen, mellom Silsersee og Silvaplanasjøen ved foten av Piz Corvatsch og Piz da la Margna og nedanom Fexdalen.

Skirennaren Dumeng Giovanoli er frå Segl.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sils im Engadin/Segl» frå , den 1. februar 2012 og «Sils im Engadin/Segl» frå , den 30. mars 2012.

Bakgrunnsstoff www.sils.ch - Offisiell turistside www.sils-segl.ch - Offisiell nettstad

Kategori:Kommunar i Graubünden Kategori:Vintersportstader i Sveits