Sihlsee er ein kunstig innsjø nær Einsiedeln i kantonen Schwyz i Sveits.
Innsjøen er den største kunstige innsjøen i Sveits i forhold til overflateareal og har ei lengd på 8,5 km og ei breidde på 2,5 km. Den største djupna er 17 m.
Kraftverkprosjektet starta i 1932. Det vart bygd ei betongdemning og to viadukter over innsjøen vart bygde før den øvre Sihldalen vart lagt under vatn i 1937. 55 gardar vart då heilt øydelagde og 1762 personar måtte forlate heimane sine.
Sihlsee har eit volum på om lag 96 millionar m³ og gjev vatn til Etzelwerk i Altendorf i Schwyz.
Betongdemningen er 33 meter høg og 124 meter lang.
mini|none|240px|Sihlsee med Fluebrig mini|none|240px|Nordbreidda
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sihlsee» frå , den 4. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff www.sihlsee.ch.vu
Kategori:Geografi i Schwyz Kategori:Innsjøar i Sveits Kategori:Reservoar i Sveits