Ålvik er ein tettstad og eit sokn i Kvam herad i Hardanger, ved fylkesveg 7 om lag 25 km køyring aust for Norheimsund og 30 km vest for Hardangerbrua. Ålvik er eigentleg eit samlenamn på to bygder på kvar si side av ein åsrygg, Ytre Ålvik i vest og Indre Ålvik i aust, men sjølve tettstaden omfattar berre Indre Ålvik.

Geografi og naturtilhøve Ålvik ligg på nordsida av Hardangerfjorden, langs det djupaste stykket av fjorden.Helland-Hansen (red.), side 64 Berggrunnen i Ålviksområdet er hovudsakleg gabbro og granitt frå Bergsdalsfeltet.Helland-Hansen (red.), side 2 og 3 Vegetasjonen langs fjorden er mest edellauvskog rik på almetre. Høgare opp finn ein furuskog og fjellbjørkeskog.Helland-Hansen (red.), side 140 og 570-571 Bygda huser fleire bestandar av orkideen kvit skogfrue og eit naturreservat der det finst ein særskilt rik førekomst av barlind.

Historie Namnet Ålvik kjem truleg av gammalnorsk ǫlr - older, or og vik.Brekke (red.), side 368. Det har vore busetnad i området som utgjer Ålvik minst frå 6-700 år f.kr. Det er funne gjenstandar i bronse i området Vikedal som er daterte til denne tida.Brekke (red.), side 369. I mellomalderen høyrde Ålvik til godset til garden Norheim i Norheimsund.Brekke (red.),side 371.

Indre Ålvik vart ein industristad frå 1905 då smelteverket Bjølvefossen A/S starta opp.Store norske leksikon Drifta har grunna seg på vasskraft frå Bjølvo kraftverk.Store norske leksikon Bygda fekk vegtilknytting til Bergen i 1937, då Fyksesundbrua vart opna.Brekke (red.), side 88. Bjølvefossen A/S er no overtatt av Elkem og heiter Elkem Bjølvefossen.Elkem blei seld til kinesiske eigarar hausten 2010.

mini|venstre|Indre Ålvik, med Bjølvefossen i forgrunnen mini|venstre|Ålvik kyrkje Ålvik sokn Ålvik har alt frå mellomalderen høyrt til Øystese sokn. Bygda fekk si eiga kyrkje i 1962, og er no eit sokn for seg sjølv med om lag 650 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

Kjende personar frå Ålvik Frode Aga (f. 1955) - kokk Erik Fossåskaret (f. 1947) - faglitterær forfattar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag

Litteratur Erik Fossåskaret og Frode Storås (red.): Ferrofolket ved fjorden. Globale tema i lokal soge - Bjølvefossen, Ålvik, Hardanger. Bergen 1999. ISBN 82-7326-057-7

Kjelder Fotnotar

Bakgrunnsstoff Ålvik.info - Ei friviljug dreve infoside for og om Ålvik

Kategori:Busetnader i Kvam Kategori:Tettstader i Vestland