Vitskapsåret 1705 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1705.
Hendingar Edmond Halley skreiv i Synopsis Astronomia Cometicae at kometar som vart vortne sett i 1456, 1531, 1607 og 1682 eigentleg var ein og same komet som han meinte ville koma tilbake i 1758. Raymond Vieussens publiserte Novum vasorum corporis humani systema der han var først med å gje ei korrekt skildring av mellom anna venstre hjartekammer. frame|Animasjon av ein skjematisk Newcomen dampmaskin.– Damp er vist i rosa og vatnet blått.– Ventilane går frå open (grøn) til lukka (raud) Newcomen dampmaskin, oppfunnen av Thomas Newcomen, var eit enkelt vertikalt stempel og sylinder på enden, brukt til å pumpe vatn ut av gruvesjakter.
Fødde 22. februar - Peter Artedi (død 1735), svensk naturforskar. 11. april - William Cookworthy (død 1780), engelsk kjemikar. 21. juni - David Hartley (død 1757), engelsk lege og psykolog. Charles Labelye (død ca 1781), sveitsisk ingeniør. Thomas Boulsover (død 1788), engelsk oppfinnar.
Døde 17. januar - John Ray (fødd 1627), engelsk naturforskar. 16. august - Jakob Bernoulli (fødd 1655), sveitsisk matematikar. 11. oktober - Guillaume Amontons (fødd 1663), fransk instrumentmakar og fysikar.