Vitskapsåret 1846 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1846.
Hendingar 1. juni - Urbain Le Verrier føresåg at planeten Neptun eksisterer og plasseringa, basert på uregelmessigheiter i banen til Uranus. 8. august - James Challis observerte, men kjente ikkje igjen Neptun. 31. august - Urbain Le Verrier publiserte sine føreseiingar med omlaupsbane og massen til den nye planeten. 23. september - Johann Gottfried Galle oppdaga planeten Neptun. 10. oktober - William Lassell oppdaga Neptun-månen Triton. Göteborg vart først i Sverige med å innføre gassbelysning.
Prisvinnarar Copleymedaljen: Urbain Jean Joseph Le Verrier, fransk astronom. Rumfordmedaljen: Michael Faraday, britisk fysikar og kjemikar. Wollastonmedaljen: William Lonsdale, britisk geolog og paleontolog.
Fødde 12. desember - Eugen Baumann, tysk kjemikar (død ).
Døde 17. mars - Friedrich Bessel, tysk matematikar og astronom (fødd ).