Vitskapsåret 1879 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1879.

Hendingar 2. januar – Utgjevinga av Journal of the American Chemical Society byrja. Thomas Alva Edison viste fram den første fungerande glødelampen. Lester Allan Pelton finn opp peltonturbinen. Per Teodor Cleve oppdaga grunnstoffa holmium og tulium. Edwin Hall oppdaga Halleffekten. Wilhelm Wundt grunnla eit laboratorium for eksperimentell psykologi ved universitet i Leipzig. I Berlin vart Technische Hochschule Charlottenburg grunnlagd, dagens Technische Universität Berlin, ved at Gewerbeakademie vart slege saman med Bauakademie.

Prisvinnarar Bigsbymedaljen: Edward Drinker Cope, amerikansk paleontolog. Clarkemedaljen: George Bentham, britisk botanikar. Copleymedaljen: Rudolf Clausius, tysk fysikar og matematikar. Davymedaljen: Paul Émile Lecoq dei Boisbaudran, fransk kjemikar. Lyellmedaljen: Edmond Hébert, fransk geolog. Polhemsprisen: Otto Fahnehjelm, svensk ingeniør og oppfinnar. Wollastonmedaljen: Bernhard Studer, sveitsisk geolog.

Fødde 22. februar - Johannes Brønsted, dansk fysikalsk kjemikar (død ). 8. mars - Otto Hahn, tysk fysikar, nobelprisvinnar (død ). 14. mars - Albert Einstein, tyskamerikansk fysikar (død ). 28. mai - Milutin Milankovic, serbisk geofysikar (død ).

Døde 16. april - Peter Kozler, slovakisk geograf, kartograf og jurist (fødd ). 5. november - James Clerk Maxwell, britisk matematikar og fysikar (fødd ).