Albert Fert () er ein fransk forskar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk for 2007 saman med Peter Grünberg. Dei to fekk prisen for utviklinga av ein teknologi som har ført til at storleiken på harddiskar i datamaskinar er vorte kraftig redusert dei siste åra.
Biografi
Fert tok eksamen ved École normale supérieure i Paris i 1962. Han tok ein mastergrad i 1963 på Université Paris IV - Sorbonne, og tok doktorgraden sin i 1970 på Université Paris-Sud. I 1988 oppdaga Fert den kvantemekaniske gigantmagnetoresistanseffekten (GMR), som samstundes og heilt uavhengig vart oppdaga av Peter Grünberg frå Forschungszentrum Jülich.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Albert Fert» frå , den 18. februar 2012.
Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Carcassonne Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet