Clinton Joseph Davisson () var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med George Paget Thomson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».
Han vart utdanna i Chicago og Princeton, og var frå 1911 til 1917 tilsett ved Carnegie Institute of Technology, fram til 1925 i Western Electric Co. og så fram til 1946 i Bell Telephone Laboratory. Han var professor i fysikk ved University of Virginia i 1947–1949.
Davisson fann i 1921 at refleksjonsevnen for elektron frå ein krystall var sterkt avhengig av refleksjonsvinkelen, ein effekt han då ikkje kunne forklare. Etter at Louis de Broglie i 1924 hadde sett fram teorien sin om bølgjenaturen til elektronet og W. M. Elsässer hadde påpeikt at teorien kunne etterprøvast ved å studere interferensfenomen etter refleksjon av elektronstråler frå krystallgitter, fortsette Davisson saman med L. H. Germer sine tidlegare undersøkingar.
Prisar (fysikk) – Nobelprisen i fysikk – Hughesmedaljen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Clinton Davisson» frå , den 21. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå McLean County i Illinois Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet