Arthur Holly Compton () var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1927 «for oppdaginga av effekten som sida vart kalla opp etter han .» Han delte prisen med C.T.R. Wilson, som fekk den for hans metode å gjere banene til elektrisk ladde partiklar synlege ved hjelp av kondensasjon av damp.
Compton tok filosofisk doktorgrad i 1916 og vart lærer i fysikk ved University of Michigan same år. Han var tilsett ved Westinghous lamp co. i perioden 1917–19 og dreiv vitskaplege studiar ved University of Cambridge i 1990–20. I perioden 1920–23 var han professor ved Washington University og frå 1923 ved University of Chicago. Svensk uppslagsbok, Malmö 1931
Compton utførte store arbeider innan ein rekkje område av fysikken, først og fremst atomfysikken. Mellom anna utførte han bølgjelengdavgjersler av harde gammastrålar. Ved å sende foton på elektron kunne han viser korleis elektrona flytta seg og at lyset hadde fått ei ny bølgjelengd. Dette vart i 1923 kjend som comptoneffekten, som seinare førte til Nobelprisen i fysikk. Compton lukkast òg med å vise at røntgenstrålene, på same måte som det vanlege lyset, kunne totalreflekterast, og han var den første som med framgang nytta diffraksjonsgitter for absorpsjon av røntgenspektrum.
Compton vart i 1954 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste.
Prisar (utval) – Hughesmedaljen – Nobelprisen i fysikk
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Arthur Compton» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Pour le Mérite Kategori:Folk frå Wayne County i Ohio Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Kvantefysikarar Kategori:Partikkelfysikarar Kategori:Optiske fysikarar