Pierre-Gilles de Gennes () var ein fransk fysikar og nobelprismottakar i fysikk. Han arbeidde hovudsakleg med nøytronspreiing og magnetisme.
Han studerte ved École Normale Supérieure etter å ha fått heimeundervisning i 12 år. Etter studiene jobba han som forskingsingeniør ved Commissariat à l'Energie Atomique.
I 1959 vart han postdoktor ved University of California i Berkeley. Deretter var han dei neste 27 månadane i den franske marinen. I 1961 vart han amanuensis i Orsay. I 1968 byrja han å studere flytande krystall.
Han var direktør ved École Supérieure de Physique et de Chimie Industrielles de la Ville de Paris (ESPCI) frå 1976 til 2002. Han vart tildelt Lorentzmedaljen og Wolf-prisen i 1989. I 1991 fekk han Nobelprisen i fysikk for «å oppdaga at metodar som er utvikla for å studera andre fenomen i enkle system kan generaliserast til meir komplekse materieformer, særskilt til væske-krystallar og polymerar.».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pierre-Gilles de Gennes» frå , den 22. februar 2012.
Kategori:Franske fysikarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Paris Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Elevar ved École Normale Supérieure Kategori:Eksperimentelle fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av Det brasilianske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det australske vitskapsakademiet Kategori:Lorentz-medaljen Kategori:Wolfprisen i fysikk