Saul Perlmutter () i Campaign County i Illinois er ein amerikansk astrofysikar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Han er kjend for å ha leia Supernova Cosmology Project, eitt av de to forskarlaga som i 1998 samtidig fann belegg for at ekspansjonen til universet synes å akselerere. Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi. I 2011 vart Perlmutter tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html Perlmutter vart tildelt halvparten av prisen, medan Adam Riess og Brian Schmidt delte den andre halvparten. Perlmutter studerte ved Harvard University der han avla eksamen i 1981. Han har ein filosofisk doktorgrad frå University of California (1986) og er medlem i American Academy of Arts and Sciences.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Saul Perlmutter» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk kategori:Folk frå Illinois Kategori:Astrofysikarar