Mitridate, re di Ponto (Mithridates, kongen av Pontus), K. 87 (74a), er ein tidleg opera seria i tre akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Librettoen er av Vittorio Amadeo Cigna-Santi etter den italienske omsetjinga til Giuseppe Parini av Jean Racine.

Mozart skreiv Mitridate medan han reiste i Italia i 1770. Musikkforskaren Daniel E. Freeman har nyleg vist at han vart komponert tett inntil operaen La Nitteti av Josef Mysliveček.See especially Daniel E. Freeman, Josef Mysliveček, "Il Boemo" (Sterling Heights, Mich.: Harmonie Park Press, 2009), s 229-35. Sistnemnde var under førebuinga til ei oppsetjing i Bologna då Mozart møtte Mysliveček første gongen i lag med faren i mars 1770. Mysliveček vitja familien Mozart fleire gonger i Bologna sommaren 1770 medan Wolfgang arbeidde på Mitridate. Mozart fekk erfaring i komponering frå den eldre venen sin og nytta somme av dei musikalske temaa hans i sin eigen opera. Operaen vart først framført ved Regio Ducal Teatro i Milano den 26. desember 1770 (under karnevalet i Milano). Det vart ein suksess og vart framført 21 gonger trass i at Mozart berre var 14 år då han skreiv operaen. Operaen vart neste gong først framført på 1900-talet.

Roller RolleStemmePremierebesetning, 26. desember 1770 (Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart)Arbate, Guvernøren av Nymphæa soprankastratPietro MuschiettiSifare eller Xiphares, sonen til MitridatesoprankastratPietro Benedetti (Sartorino)Aspasia, forplikta til å gifte seg med Mitridate, dronningasopranAntonia BernasconiFarnace eller Pharnaces, den eldste sonen til MitridatealtkastratGiuseppe CicognaniMarzio eller Marcius, romersk legionæroffisertenorGasparo BassanoMitridate, Kongen av Pontus tenorGuglielmo d'EttoreIsmene, Parthiansk prinsessesopranAnna Francesca Varese

Ariar

Akt 1 "Nel sen mi palpita" - Aspasia "Parto : nel gran cimento" - Sifare "Quel ribelle" - Mitridate "Se di lauri" - Mitridate "In faccia all'oggetto" - Ismene "L'odio nel cor" - Arbate "Al destin che la minaccia" - Aspasia "Soffre il mio cor" - Sifare "Venga pur, minacci" - Farnace Akt 2 "Già di pietà mi spoglio" - Mitridate "Lungi da te" - Sifare

"Nel grave tormento" - Aspasia "So quanto a te" - Ismene "Son reo; l'error confesso" - Farnace "Tu che fedel" - Mitridate "Va, l'error mio palesa" - Farnace Akt 3 "Ah ben ne fui presaga…Pallid' ombre" - Aspasia "Già dagli occhi" - Farnace "Se di regnar" - Marzio "Se il rigor d'ingrata sorte" - Sifare "Tu sai per che m'accese" - Ismene "Vado incontro" - Mitridate

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mitridate, re di Ponto» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Bourne, Joyce, "Mitridate, re di Ponto", Who's Who in Opera. Oxford University Press, 1998. Latham, Alison, "Mitridate, re di Ponto", The Oxford Companion to Music. London: Oxford University Press, 2002 ISBN 0198662122 Warrack, John and Ewan West, "Mitridate, re di Ponto", The Concise Oxford Dictionary of Opera. Oxford University Press, 1996.

Bakgrunnsstoff

Opera on DVD: Mitridate Rè di Ponto by Charles T. Downey (Ionarts, 22 august 2006] Mozart-Tower mp3 clips from this opera Mitridate, re di Ponto: Libretto

Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Opera seria Kategori:Musikk i 1770 Kategori:Operaer frå 1700-talet