Henriette Killi Westhrin () er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Frå 20. oktober 2009 var ho statssekretær for barneminister Audun Lysbakken, men etter at Lysbakken gjekk av 5. mars 2012, Dagbladet, 05.03.12: Audun Lysbakken trekker seg som statsråd. vart ho statssekretær for Kristin Halvorsen, VG, 05.03.12: Kirsti Bergstø slutter som statssekretær. som vart midlertidig statsråd etter Lysbakken. Dagbladet, 05.03.12: Kristin Halvorsen tar over midlertidig etter Lysbakken.
Biografi
Henriette Westhrin er utdanna vernepleiar ved Høgskolen i Akershus. Ho har yrkeserfaring både som miljøterapeut, fritidsleiar for funksjonshemma og frå kulturetaten, og har vore innvald i kommunestyret ved Bamble kommune. Frå 1991 sat ho i plan- og miljøutvalet ved Telemark fylkeskommune, og frå 1994 til 1997 var ho nestleiar i Sosialistisk Ungdom. Deretter var ho sentralstyremedlem i SV frå 1999-2001, og leiar i Telemark SV 2001-2002.
Frå 2001 til 2004 sat ho i pensjonskommisjonen. I 2002-2003 jobba ho i fellesorganisasjonen for vernepleiarar, sosionomar og barnevernspedagogar, og i 2003 vart ho nestleiar i Sosialistisk Venstreparti. I 2004-2005 sat ho i utvalet som skulle utreia rammevilkår for norsk industri. Frå 2005 til 2007 var ho statssekretær i Miljøverndepartementet under Helen Bjørnøy. Deretter vart ho statssekretær i Finansdepartementet 2007-2009. Her hadde ho ansvar for å fylgja opp næringsdepartementa.
Henriette Westhrin har også vore vararepresentant frå Telemark i 2 periodar: 1993-1997 og 2001-2005. Henriette Westhrin hjå Stortinget.no
Kjelder
Biografi hjå Regjeringen.no Bokmålswikipedia om Henriette Westhrin, henta inn 5. mars 2012.
Fotnotar
kategori:Folk frå Kragerø kategori:Statssekretærar frå SV