Salarisk er eit tyrkisk språk som blir tala av salarar, ei folkegruppe som hovudsakleg held til i grenseområdet mellom Qinghai- og Gansu-provinsane i Kina. Det finst rundt 115 000 salarar. Om lag 60 000 av dei snakkar salarisk, medan resten snakkar kinesisk.

Slektskap Salarisk stammar frå oghuztyrkisk, som mellom anna tyrkisk og turkmensk også gjer. Ettersom språket har utvikla seg langt aust frå desse språkområda, er det blitt påverka av fleire austtyrkiske språk, og blir derfor også rekna til den uiguriske språkgruppa som også inneheld uigurisk. Det blir derfor gjerne rekna som eit austtyrkisk språk, nokre gonger tilmed som ein uigurisk dialekt. Moderne salarisk er også sterkt påverka av tibetansk og kinesisk, både når det gjeld fonologi og ordtilfang.

Status Salararar er ei offisielt anerkjend folkegruppe i Kina, og salarisk er offisielt språk i alle sjølvstyrande salarområde.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia

Skriftsystem Salarisk blir skrive med kinesisk skrift. Tidlegare brukte ein arabisk skrift, som med mange andre tyrkiske språk. Det er også gjort forsøk på å utvikla eit latinsk skriftsystem for språket.

Fonologi Salarisk fonologi er påverka av tibetansk og kinesisk. Som i andre tyrkiske språk har /k, q/ og /g, ɢ/ blitt ulike fonem på grunn av lånord. Salariske vokalar er som dei tyrkiske, med dei bakre vokalane og dei fremre vokalane .

+Konsonantar Labial Dental Retrofleks Alveolopalatal Velar Uvular Glottal Plosiv Affrikat Frikativ Nasal Approksimant

Kjelder

«Salarisk» i Den store danske

Denne artikkelen bygger på «Salar language» frå , den 26. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Hahn, R. F. 1988. Notes on the Origin and Development of the Salar Language, Acta Orientalia Hungarica XLII (2–3), 235–237. Dwyer, A. 1996. Salar Phonology. Unpublished dissertation University of Washington. Dwyer, A. M. 1998. The Turkic strata of Salar: An Oghuz in Chaghatay clothes? Turkic Languages 2, 49–83.

Lars Johanson, Classification of Turkic languages (1998) The History of Turkic. I Lars Johanson & Éva Ágnes Csató (eds) The Turkic Languages. London, New York: Routledge, 81-125.

Bakgrunnsstoff

Salar Language Materials. Nokre døme på salarisk (skrive med pinyin) ved sino-platonic.org Salar grammatical sketch av Arienne M. Dwyer Salır Vikipediyasığa. Salarisk forsøkswiki ved Wikipedia Incubator.

Kategori:Tyrkiske språk Kategori:Språk i Kina Kategori:Einskildspråk