Gulhovudalbatross, Phoebastria albatrus, er ein stor, sjeldan sjøfugl som lever i det nordlege Stillehavet. Trass i nært slektskap til andre albatrossar i nordlege Stillehavet, finst det òg åtferdsmessige og morfologiske linkar til albatrossar i Sørishavet. Tidlegare var gulhovudalbatrossen vanleg, men kom på randen av utrydding på grunn av handel med fjør frå denne fuglen. Nyleg vern har ført til at populasjonen igjen veks.

Skildring Gulhovudalbatross er ein mellomstor albatross, med eit vengespenn på 215-230 cm, ei lengd på 84-94 cmCOSEWIC, (2003) Assessment and Status Report on the Short-tailed Albatross Phoebastria albatrus in Canada og ei kroppsvekt som kan vere 4,3-8,5 kg. Fjørdrakta for vaksne fuglar er samla sett kvit med svart på vengefjører, nokre av vengdekkarane, og dessutan eit svart band på enden av halen. Dei har ein gulfarga nakke og krone. Nebbet er stort og rosa, men eldre fuglar får blå nebbtupp. Ungane er brun over det heile, og dei vil bleikneBirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebastria albatrus . Henta frå http://www.birdlife.org on 14. april 2012 i omkring 10 til 20 år. Gulhovudalbatross kan skiljast frå dei to andre albatrossartane i på den nordlege halvkula, laysanalbatross og svartfotalbatross i storleik og i farger i fjørdrakta. Det engelske namnet 'Short-tailed Albatross' er misvisande i den grad at halen ikkje er kortare enn hos laysanalbatross og svartfotalbatross, og er faktisk lengre enn hos den sørlege medlemmen av slekta Phoebastria, galapagosalbatross.

Utbreiing og habitat mini|høgre|Ein unge rett før han forlét kolonien på Hawaii.

Gulhovudalbatrossar hekkar no på fire øyar, hovudmengda av fuglane hekkar på Torishima, og nesten andre på Minami-Kojima i Senkakuøyane nær Taiwan. Utanom hekkesesongen lever dei over det nordlege Stillehavet, hannar og ungfuglar i Beringhavet, og hoene beitar utanfor kysten av Japan og Aust-Russland. Dei kan òg bli funne så langt aust som ved California.

Kjelder Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Short-tailed Albatross» frå , den 14. april 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av gulhovudalbatross hos Internet Bird Collection

Kategori:Albatrossfamilien