mini|Røyrleidningar i Burgan-feltet Det enorme Burgan-feltet er eit oljefelt i ørkenen søraust i Kuwait. Burgan-feltet kan òg syne til Stor-Burgan — ei gruppe på tre nærliggande felt, som omfattar sjølve Burgan-feltet, og dei mykje mindre felta Magwa og Ahmadi. Stor-Burgan er det største oljefeltet i sandstein i verda, og det nest største totalt, etter Ghawar.
Oppdaging og geologi Olje som naturleg har sive ut i overflata over Burgan-feltet, har vore kjend for menneske sidan steinalderen. Bituminøse stoff frå sivbåtar er funne i As-Sabiyah/Nord-Kuwait og er datert attende til 5000 fvt. Dette er spora attende til dette området.(Connan et al, 2005) Det underjordiske reservoaret vart oppdaga i februar 1938. Det amerikansk-britiske Kuwait Oil Company byra kommersiell oljeproduksjon i Burgan i 1946.
Stor-Burgan, det større området kring Burgan, er det største sandsteinsoljefeltet i verda med eit totalt areal på kring 1000 km². Det omfattar tre mindre feltet: Sjølve Burgan (500 km²), Magwa (180 km²) og Ahmadi (140 km²). Strukturen i Burgan-feltet er ein salforma dom med ellipse form og kryssa av fleire radielle forkastingar. Både Magwa og Ahmadi ligg på mindre domar nord for Burgan The Great Burgan Field, Kuwait by Rasoul Sorkhabi, GeoExpro Volume 9, Issue 1, 2012
Olja ligg i fire lag frå krit-tida.
Oljereservar, produksjonskapasitet og estimert levetid
Det totale potensiale oljereserven i Burgan er estimert til mellom 66 og 75 milliardar fat olje, i tillegg til kanskje 2 billionar kubikkmeter naturgass. Bloomberg har estimert at dei gjenverande reservane er 55 milliardar fat i 2005. Akkumulert produkksjon frå 1996 var estimert til kring 28 milliardar fat olje.
Produksjonskapasiteten til Burgan var på 1,7 millionar fat olje i 2005. Det var det fjerde mest produktive oljefeltet i verda i 2013. Dette var lågare enn det hadde vore tidlegare. Det nådde eit høgdepunkt i 1972 med 2,4 millionar fat olje. I 2005 estimerte Kuwait Oil Co. at det attverande levetida til Burgan var 30 til 40 år med ein produksjonsrate på 1,7 millionar fat per dag.
I 2010 sa direktøren i Kuwait Oil Company at Burgan produserte kring halvparten av olja frå Kuwait.
Irak-krigen I 1991 sette tilbaketrekkande irakiske soldatar Burgan-feltet i brann. Røykskyane frå Stor-Burgan strekte seg 50 km utover og var 2,5 km tjukke. På satellittbilete likna røykskya ein svart slange i ørkenen. The Red Adair Service and Marine Company sløkte 117 av dei brennande brunnane, medan det kanadiske selskapet Safety Boss tok seg av 180 brunnar. CIA-dokument frå 1991 hevda at trass i øydelegginga, var det ingen signfikant uttømming av oljereservane eller fall i produksjonskapasiteten i Burgan-feltet. Tre samlingsstasjonar vart derimot så skadde at dei ikkje kunne reparerast.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Burganfeltet» frå , den 5. september 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
The World's Giant Oil Fields by Matthew Simmons Research Report of Simmons & Co. International
Kategori:Oljefelt i Kuwait