Brunei, òg kalla Brunei Darussalam, er eit sultanat som ligg på øya Borneo i Søraust-Asia. Sett vekk frå kystlinja mot Sørkinahavet er landet heilt omgjeve av det austlege Malaysia. Brunei har store petroleumsressursar, og økonomien til landet er i stor grad avhengig av desse.
mini|260px|left|Kart over Brunei
Klima Brunei har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen er om lag 3500 mm.
Kategori:Land i Asia Kategori:Det maritime Søraust-Asia