Leeds er ein by i West Yorkshire i den nordlege delen av England i Storbritannia. Byen har omkring 430 000 innbyggjarar medan storbyområdet (City of Leeds) har omkring 770 000 innbyggjarar. Leeds er kjernen i den sameinte styresmakta City of Leeds, som òg inkluderer forstadene Craven, Harrogate, Bradford, Selby, Calderdale, Kirklees, Wakefield og Barnsley. Elva Aire renn gjennom byen.
Byen voks kraftig frå 1600-talet og framover, og overtok etterkvart York si stilling som den dominerande byen i regionen. Dette var hovudsakleg på grunn av den veksande ullindustrien. I dag arbeider dei fleste i Leeds i service- og finanssektoren som er ein av dei største i landet. Det offisielle slagordet til byen er The UK's Favourite City.
Historie
I Leeds fanst det under romartida ein festning kalla Cambodunum. Då Romarriket fall vart byen ein av del av det britiske kongeriket Elmet. Seinare høyrde han òg til Deira og Northumbria. Den første gongen ein sikkert kan seia at Leeds er nemnd er i Domesday Book. Byen unngjekk herjingane til Vilhelm erobraren, men fleire av dei omkringliggande byane vart lagde i ruinar.
I mellomalderen var Leeds ein marknadsby for jordbruksprodukt. Han fekk bystatus i 1207. Byen vart delvis industrialisert på 1300-talet då flamske innvandrarar starta ullforedling her. Industriveksten i byen auka ytterlegare med kanalsamband til Liverpool i 1816 og jarnbanen i 1848.
Politikk Styrande parti i bystyret1842-1895Dei Liberale1895-1904Dei Konservative1904-1907LiberalarIngen parti hadde majoriteten, men i praksis styrte dei konservative1928-1930Labour1930-1933Dei konservative1933-1935Labour1935-1945Dei konservative1945-1951 Labour1951-1953 Dei konservative1953-1967 Labour1967-1972 Dei konservative1972-1976 Labour1976-1980Dei konservative1980-2004 Labour2004-Koalisjon av liberaldemokratar, konservative og dei grøne På 1800-talet var Leeds eit sterkt liberalt feste, men som i det øvrige Storbritannia byrja Labour å erstatte dei liberale som hovudkonkurrenten til dei konservative på byrjinga av 1900-talet. Dei politiske skiljelinjene mellom partia har ofte vore mindre i Leeds enn på riksplanet.
Bystyret består av 99 mandat. Byen er inndelt i 33 valkretsar der dei tre kandidatane som får flest stemmar får mandatet. Sidan lokalvalet i 2004 styrer ein allianse av liberaldemokratane, dei konservative og dei grøne.
Det konservative partiet står sterkast i den nordlege delen av Leeds, med unntak av Moortown. Moortown var ved det siste valet, liksom dei studenttette områda nærare sentrum og dessutan Rothwell i det sørlege Leeds, det sterkaste festet til liberaldemokratane. Morley Borough Independents tok, logisk nok, alle av mandata sine i Morley, der dei vart dei einaste som tok mandat. Dei grøne tok alle av mandata sine i valkretsen Farnley and Wortley der dei tok alle mandat. I dei øvrige delane av byen vann Labour.
Med unntak av ein periode under Den engelske borgarkrigen vart ikkje Leeds representert i parlamentet før parlamentsreformen 1832. For val til det britiske parlamentet er byen delt opp i åtte valkretser: Leeds West, Leeds Central, Leeds North West, Leeds North East, Leeds East, Elmet, Morley and Rothwell og Pudsey.
Sju av åtte parlamentsrepresentantar frå byen høyrer til Labour: John Battle (Leeds West), Hilary Benn (Leeds Central), Fabian Hamilton (Leeds North East), George Mudie (Leeds East), Colin Burgon (Elmet), Colin Challen (Morley and Rothwell) og Paul Truswell (Pudsey). Den einaste representanten for eit anna parti er Greg Mulholland (Leeds North West), som representerer liberaldemokratane. I mange år var alle parlamentsrepresentanter frå Labour. Historisk sett har alle valkretser med unntak av North East og North West vore labourdominert, medan i dei seinare åra har vanlegvis det konservative partiet teke desse. mini|Rådhuset, bygt 1858
Busetnad mini|venstre|Holborn Tower er eit av høghusa som finst spreitt utover byen og som skil seg frå den elles ganske låge busetnaden.
Bykjernen blir prega av moderne busetnad og omfattande nybygging. Byen er kjend for sine mange kjøpesenter, dei fleste rett austom jernbanestasjonen. Kjøpesentera vart bygd på slutten av 1800-talet, og har seinare vorte til nye store shoppingkompleks.
I aust-vestleg retning gjennom sentrum går gata Headrow og i nord-sørleg Briggate. Desse kan seiast å utgjere hovudgatene i byen. Både Headrow og Briggate har lege der frå gamalt av. Briggate vart bygd på 1200-talet, medan Headrow vart bygd på 1500-talet.
Bytorget ligg i sentrum, like ved jernbanestasjonen, og vart bygd på byrjinga av 1900-talet. I den nordlege delen av sentrum ligg rådhuset, teikna av Cuthbert Brodrick og innvigd i 1858 av dronning Victoria, og dessutan folkets hus, teikna av Vincent Harris og innvigd i 1933. Ein del av Leeds Metropolitan University ligg òg her. Rett nord for sentrum ligg University of Leeds, og rett nord for dette igjen ligg Hyde Park, ein park som når vêret tillèt det, ofte er full av studentar. Rett sør for sentrum, i Beeston ligg Elland Road, heimebanen til Leeds United.
I alle retningar ut frå sentrum breier bustadområda seg ut. Vanlegvis er desse bygd opp av rekkehus i typisk engelsk stil, medan det i dei ytre delane av byen endå finst ein mykje villabusetnad. Fleire større høghus finst òg spreitt rundt om i byen. Dei fleste av bydelane har sitt eige shoppingstrøk og det finst fleire større shoppingkompleks, slik som f.eks i Seacroft.
I den nordaustlege delen av Leeds ligg Roundhay Park, ein stor park innkjøpt av byen på slutten av 1800-talet.
Vest og sør finst det fleire byar som er meir eller mindre samanvoksen med Leeds; blant anna Yeadon, Morley og Rothwell.
Det finst tre større sjukehus i byen, Leeds General Infirmary, St James's University Hospital og Seacroft Hospital.
Bydelar Adel Alwoodley Aireborough Armley Barwick & Kippax Beeston Beeston Hill Bramley Burmantofts City & Holbeck Chapel Allerton Cookridge Garforth Gipton Halton Harehills Headingley Horsforth Hunslet Hyde Park Kirkstall Middleton Moorside Moortown North Pudsey Richmond Hill Rothwell Roundhay Seacroft Stanningley Swillinton Swinnow Weetwood Wetherby Whinmoor Wortleymini|Hyde Park, ein relativt sentralt bydel i Leeds
Folkesetnad Byen er relativt typisk for Storbritannia i både etnisk og religiøs samanheng. Dei største minioritetsgruppene er pakistanarar (2,1 %), indarar (1,7 %), øvrige kvite (1,5 %) og irlendarar (1,2 %).
I samband med den industrielle revolusjonen skjedde det ein stor innflytting til byen. På 1800-talet flytta blant anna irar og jødar til byen, dei sistnemnde som flyktningar frå pogromar i Aust-Europa.
Av folkesetnaden er 25,5 % under 20 år, 30,5 % mellom 20 og 39 år, 24,1 % mellom 40 og 59 år, 8,9 % mellom 60 og 79 år og 11,0 % over 80 år. Folkesetnadsfordelinga i alderssamanheng er typisk for Storbritannia, med unntak av at delen på rundt 20 år og noko eldre er større på grunn av dei mange studentane. Forventa levealder i Leeds er 80,7 år for kvinner og 75,5 år for menn.
Frå byen skjer det ein nettoutflytting til dei omliggande byane, til ein del kystbyar og dessutan til London. Utflyttninga til omliggande byar skjer primært fordi høva til å pendle har vorte kraftig forbetra, medan utflyttinga til kysten hovudsakleg skuldast pensjonistar som flyttar ut. Utflyttinga til London blir skuldast nok dei mange med høgtløna jobbar som finst der og som ikkje finst i Leeds. Frå øvrige delar av landet skjer ei nettoinnflytting, hovudsakleg fordi byen har vore i stor økonomisk vekst.
Dei nordlege delane av byen dominerast av rike personar og ein del eldre menneske. Dei vestlege og sørvestlege delane blir dominert av den kvite arbeidarklassen. I områda rett vest for sentrum utgjer studentane den største delen. Områda rett nord for sentrum har den største ikkje-britiske folkesetnaden.
Religion Med tanke på religiøs tilhøyrsle er fordelinga slik: 68,8 % kristen, 16,8 % ikkje-religiøse, 3,0 % muslimar, 1,2 % jødar og 1,1 % sikhar. I byen finst det, omfram mange kyrkjer, fire synagoger, fire moskéar og tre sikhtempel.
Sidan 1878 har Leeds hatt eit katolsk bispesete.
Økonomi Føretak med over 1000 tilsette i Leeds (2004)Leeds rådhusBritish LibraryNHSCentricaBTGE CapitalBUPALeeds City LinkDirect Line GroupMoores Furniture GroupFirst DirectPricewaterhouseCoopersHalifaxReality GroupLeeds Metropolitan UniversityVenturaUniversity of LeedsYorkshire BankRoyal MailYorkshire Post NewspapersASDAYorkshire PowerFøretak med feit skrift har over 2000 tilsette
Leeds hadde i 1998 ein BNP på 9,7 milliardar pund (tilsvarande drygt 100 milliardar kroner). Byen er kjend for det varierande næringslivet sitt. Det finst drygt 17 000 momsregistrerte føretak i byen. I Leeds finst den nest største produksjonsindustrien utanfor London, det same gjer den største pressebransjen og den tredje største finanssektoren. Nærare 100 000 personar arbeider innan offentleg sektor. Fordelinga mellom dei ulike sektorane skil seg ikkje i noka større grad frå det britiske gjennomsnittet.
Kommunen har ein omsetnad på rundt ein milliard pund og har ca. 35 000 tilsette.
Infrastruktur Leeds har verken tunnelbane eller trikk, noko som er uvanleg for ein by på denne storleiken. Det finst endå planar om å gjeninnføre trikkedrifta. Det planlagde trikkenettet kjem til å innehalde tre linjer, Sør, Nord og Aust og strekkje seg ut til utkantane av byen. Bussnettet i Leeds er omfattande med over hundre ulike linjer. Heilt nordvest i byen ligg Leeds Bradford International Airport, som òg tener Bradford. Sentralstasjonen har ei sentral plassering. Utover denne finst det omkring ti mindre stasjonar i byen. Motorvegane M1 og M62 knyter Leeds til Sheffield og London og til Liverpool, Manchester og Hull. Talet på personar som pendlar til byen er på ca. 80 000.
Leeds har retningsnummer 0113 og postadresser i Leeds byrjar med LS.
Media I Leeds finst lokalavisene Yorkshire Evening Post og Yorkshire Post som begge er eigd av Johnston Press. Både BBC og ITV/Yorkshire Television har TV-studio i byen. Det finst òg fleire radiostasjonar i byen: BBC Radio Leeds, Radio Aire, Magic 828, Galaxy 105 og Real Radio.
Utdanning mini|venstre|Leeds Metropolitan University Leeds har to universitet, University of Leeds med 28 000 studentar og Leeds Metropolitan University med 26 000 studentar; totalt bur ca. 70 000 studentar i byen. Leeds Metropolitan University har først og fremst Yorkshire og Lancashire som sine opptaksområde, medan University of Leeds i større grad har studentar frå heile landet. Utover desse har Open University sitt regionkontor i byen. Open University er eit statleg universitet basert på fjernundervisning.
Det finst ni college i byen: Leeds College of Art & Designar, Leeds College of Building, Leeds College of Music, Joseph Priestley College, Northern School of Contemporary Dance, Notre Dame Sixth Form College, Park Lane College, The Leeds College of Technology og Thomas Danby College. Leeds College of Technology har 5 000 studentar og har i all hovudsak yrkesrelaterte studium.
På tilsvarande gymnasnivå finnast blant anna Leeds Grammar School, oppretta 6. mars 1547. Det finst totalt 294 offentlege skular i Leeds (2003). Utdanningsgraden til folkesetnaden ligg på nivå med gjennomsnittet for landet.
Geologi, klima og miljø Leeds har, slik som resten Storbritannia, eit meir utprega kystklima enn Sverige og Finland. Vintertid er det noko varmare enn i Sør-Noreg og langt varmare enn i Nord-Noreg. Om sommaren er det stort sett like varmt eller noko mildare enn største delen av Noreg.
Brorparten av Leeds ligg på kolager frå karbontida då det voks regnskog på plassen. Rett nord for byen består berggrunnen av sandstein og skifer og austom byen er kalkstein dominerande.