«Ride My See-Saw» er ein song frå 1968 av det engelske progrockbandet The Moody Blues. Han vart skriven av bassisten i bandet, John Lodge, og først gjeven ut på albumet In Search of the Lost Chord. Songen var den andre singelen frå albumet. Den første var «Voices in the Sky». «Ride My See-Saw» er ein av dei energiske rockesongane John Lodge var kjend for, og vert stundom rekna som ein av dei mest populære songane hans for the Moody Blues i lag med «I'm Just a Singer (In a Rock and Roll Band)».
Singelen vart gjeven ut i oktober 1968 med Mike Pinder sin «A Simple Game» som B-side. «A Simple Game» vart sidan spelt inn av Four Tops og denne nådde 3. plass i Storbritannia i 1972. Songen vart òg sampla av Phi Life Cypher på songen «Free».
På dei fleste konsertane til the Moody Blues vert «Ride My See-Saw» spelt som ekstranummer.
Medverkande Justin Hayward: elektrisk gitar, vokal John Lodge: bassgitar, vokal Mike Pinder: mellotron, vokal Ray Thomas: tamburin, vokal Graeme Edge: trommer, perkusjon, vokal
Lister Liste (1968)PlasseringStorbritannia42Billboard Hot 10061
I media Ein instrumental versjon av «Ride My See-Saw» vart nytta som kjenningsmelodi for det kanadiske frokostshowet Canada AM på CTV i 1970-åra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ride My See-Saw» frå , den 6. mai 2012.
Kategori:Songar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Songar skrivne av John Lodge Kategori:Deram Records-singlar